Vil du vere valmedarbeidar?

Måndag 11. september 2023 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Vil du vere med og oppleve demokrati i praksis - frå innsida? Bjørnafjorden kommune søkjer no valmedarbeidarar til valdagen.

På valdagen er dei fleste lokala opne frå klokka 10 til 21. Det vil vere ein vaktplan med skift for valmedarbeidarar.

Arbeidsopppgåvene vil vere vakthald, rettleiing, avkryssing i manntal og stemmemottak.

Godtgjering

Du vil få godtgjering for arbeidet.

Krav til valmedarbeidarar

  • Du må vere over 18 år 
  • Du kan ikkje stå som listekandidat i til kommunestyre- og fylkestingsvalet

Alle valmedarbeidarar må gjennomføre obligatorisk opplæring i august.

Slik søkjer du

Søk elektronisk om å bli valmedarbeidar

Har du spørsmål?

Send e-post til val@bjornafjorden.kommune.no