Redusert foreldrebetaling i SFO
Ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.
I Bjørnafjorden kommune kostar 100 % plass i SFO 2955 kroner per månad for barn på 3. og 4. trinn. Dersom hushaldet si samla inntekt er under 492 500 kroner og barnet har 100% plass, kan du søke redusert foreldrebetaling i SFO.
Her finn du oversikt over prisar for ulike plasstypar i SFO
Søknaden gjeld frå vedtaksdato og til eleven er ferdig med 4. trinn.
For SFO i haustferien, vinterferien og sommarferien er det eigne prisar. Moderasjonsordninga gjeld ikkje for ferieope SFO.
Grunnlaget for vurdering av redusert foreldrebetaling i SFO er hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Skal mor og far dele utgiftene til SFO?
Går barnet på ein privat skule?
Denne dokumentasjonen må du legge ved søknaden
På siste side av søknaden lastar du opp følgjande dokumentasjon:
- Gjeldande skattemelding for foreldre som bur saman med barnet. Hugs å sende inn for begge foreldra, dersom begge bur saman med barnet.
- Gjeldande skattemelding for ektefelle/sambuar til søkar, dersom denne bur i same hushald som barnet.
- Er inntekta di endra sidan gjeldande skattemelding? I så fall må du òg sende dokumentasjon på dette.
Døme: tre siste lønsslippar, dokumentasjon på ytingar frå NAV eller studentbevis. - Dersom du ikkje har skattemelding, må du legge fram gyldig opphaldsløyve.
- Dersom inntekta di blir vesentleg endra i vedtaksperioden, må du sende inn ny søknad med dokumentasjon.
Viktig:
- Du må legge ved all dokumentasjon på lista, elles kan vi ikkje behandle søknaden din.
- Du må merke alle vedlegga med personnummer og med teksten "Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO"
Søk redusert foreldrebetaling i SFO
Sist endra 22.04.2024 10:01