Fysioterapi for vaksne og eldre

I den kommunale fysioterapitenesta i Bjørnafjorden er det både fysioterapeutar som er tilsette i kommunen og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.

Kven kan få tilbodet?

Vaksne over 18 år og eldre med tap av/nedsett funksjonsevne etter skade eller sjukdom kan få undersøking, vurdering og behandling av fysioterapeutar i kommunen.

Døme på kva fysioterapeuten kan hjelpe deg med
  • Råd og rettleiing for å betre eller bevare funksjon og førebygge sjukdom og skade
  • Trening/rehabilitering med sikte på at du skal auke funksjon og klare viktige daglege funksjonar
  • Råd og rettleiing til pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Førebyggande og behandlande tiltak i institusjon eller heim
  • Formidle hjelpemiddel

Dersom du har samansette vanskar med behov for tverrfagleg oppfølging, samarbeider vi med andre faggrupper som ergoterapeut, lege, sjukepleiar eller andre. 

Bur du heime og kan komme deg til fysioterapeuten sjølv?

Les meir

Då kan du ta kontakt med ein privat fysioterapeut som har driftsavtale med kommunen: Sjå oversikt og kontaktinformasjon til fysioterapeutar med driftsavtale i Bjørnafjorden kommune
Fysioterapeutane med driftsavtale driv eigne institutt og kan eventuelt rekvirere drosje. Sjå oversikt over kva type reise du kan få dekt på helsenorge.no

Bur du på institusjon eller treng oppfølging i heimen?

Les meir

Då kan du søkje om behandling hos dei kommunale fysioterapeutane.
Vi undersøkjer, behandlar og rehabiliterer, gir bistand ved behov for hjelpemiddel og tilbyr ulike førebyggande tiltak som gruppetrening og førebygging av fall. 
Vi kan treffe deg i lokala våre på Luranetunet bu- og behandlingssenter, Fusa bu- og behandlingssenter, på annan institusjon eller i heimen din.

Slik søkjer du

Du eller pårørande kan sjølve søkje om tenesta. For at vi skal vite kva som er utfordringa di og kva du treng vurdering av, må du fylle ut søknadsskjemaet.  Kontakt oss gjerne på telefon dersom du har spørsmål.
Fastlege, heimetenesta eller andre kommunale helsetenester kan òg hjelpe deg med å søkje fysioterapiteneste.

Elektronisk søknadsskjema: Søk om fysioterapi for vaksne og eldre

Her finn du papirskjema

Papirskjema: Her finn du søknadsskjema på papir (DOCX, 94 kB) 
Fyll inn, skriv ut skjemaet og send til ei av følgande adresser, avhengig av kvar i kommunen du bur: 
Os
Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta
Solstrandvegen 39
5200 Os

Eikelandsosen
Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta
Leitet 28
5640 Eikelandsosen

Kva skjer når du har sendt søknaden?

Fysioterapitenesta prioriterer det som hastar mest. Etter tilvising vil vi ta kontakt med deg på telefon og gjere ei undersøking/kartlegging for å få eit utgangspunkt for vidare behandling/tiltak. 

Kva kostar tenesta?

Tenesta hos kommunefysioterapeut er gratis. 
Behandling hos private fysioterapeutar med kommunal driftsavtale har eigne prisar. Les meir om eigendelar og frikort hos fysioterapeut på helsenorge.no

Meir informasjon om fysio- og ergoterapi i Bjørnafjorden kommune

Fysioterapi for barn og unge

Ergoterapitenesta 

Kvardagsrehabilitering

Kontakt

Fysioterapitenesta i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 90218269