No skal heile kommunen kartleggast

Dei næraste månadane kan du treffe på landmålarar som målar kvite firkantar på bakken. - Ta dei godt imot, og la fastmerka vere i fred, oppfordrar Torbjørn Steffensen, avdelingsleiar for Kart og oppmåling i Bjørnafjorden kommune.  

Kvit og svart firkant måla på vegskuldera - Klikk for stort bileteDu har kanskje sett slike kvite firkantar i nabolaget, langs vegen eller på gangvegen? Nye kvalitetskrav betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover. Kartverket skal merke i Bjørnafjorden i 2024. Pers Oppmåling, Kartverket

Det er eit sikkert vårteikn å treffe på ein landmålar som målar inn fastmerke i nabolaget, på gangstien eller langt utpå jordet. Merka er kvite firkantar, enten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. Desse er nødvendige for flyfotograferinga.

Uventa gjester på besøk

Hæ? Kan du få folk med landmålingsutstyr og målingsspann i neven inn i hagen din? Neida, huset og hagen din får du ha i fred. Men eig du ein veg eller annan eigna stad for «signalering», som det heiter på fagspråket når ein sett opp fastmerke for å måle inn flyfoto, kan det hende du får gjester på eigedomen din.

Matrikkellova gir lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn. Men du skal likevel kunne rekne med at landmålarane tar omsyn når dei jobbar.

Vårens vakraste oppdrag

Når det er opphaldsvêr og tørt terreng, finn landmålaren flat og fast grunn, ryddar vekk forstyrrande vegetasjon, og hamrar inn ein høveleg spiker.

Deretter skal spikaren signalerast og målast inn. Ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt blir måla på bakken, og landmålaren måler inn fastmerket.

No skal flyet ha fri sikt inn til den kvite firkanten. Klart til å kartlegge.

Takk for hjelpa!

Plasseringa til fastmerka er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må landmålarane gjere i felt.  Dei må plassere alle merka der det er føremålstenleg for kartlegginga.

– Det er svært viktig at fastmerka får vere i fred. Takk for at du ikkje dekker til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er fellesskapets ressursar i arbeid. Vi vil alle nyte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, seier Jon Otter Skaaret i Kartverket.

Her skal det fotograferast

Kartverket si verksemd innan flyfoto til lands er i hovudsak delt i to aktivitetar. Det eine skjer gjennom Geovekst-samarbeidet, der 15 000–16 000 km2 skal fotograferast i 2024. Skroll ned på sida til fylkesoversikten for å sjå planane for kvart fylke.

Det andre er den rullerande fotograferinga (omløpsfotografering) som skjer over heile landet. Der skal 127 000 km2 fotograferast i 2024.

Vil du sjå huset ditt frå lufta, finn du dette på Norge i bilder. Her kan du òg bla deg gjennom ulike bilde-lag som syner flyfoto frå ulike tidsepokar.

Kvitt pappkvadrat på grasbakke, til oppmåling. - Klikk for stort bileteFinn du slike signalerte fastmerke, er det viktig at dei får ligge i fred. Pers Oppmåling, Kartverket

 

  • Fastmerka er signalerte punkt som er nødvendige når Kartverket skal ta flyfoto av terrenget for å lage eller oppdatere kart.
  • Signaleringa består av kvite firkantar måla rett på underlaget, eller kvite plater montert på bakken. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. 
  • Merka blir målt inn av landmålarar. 
  • Nye kvalitetskrav gjer mange eksisterande fastmerke ubrukelege. Det betyr endå fleire nymåla firkantar rundt i landet i åra framover. 
  • Matrikkellova gir ein lovesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn.