Kva gjer vi?
Logopedtenesta jobbar med systemarbeid i barnehagar og på skular. Systemarbeid er rettleiing og modellering av språkgrupper og andre språkaktivitetar i barnet sitt miljø.
Logopedtenesta kan jobbe direkte med barn som har:
- vanskar med uttale og språklydar, for eksempel at barnet byter ut ulike lydar eller kutter ut stavingar/lydar i ord.
- stamming og løpsk tale
- stemmevanskar
Den direkte hjelpa består av periodar med trening og pausar. Barnet får vanlegvis tilbod om treningsøkter kvar veke, i ein periode på inntil 10 veker. Treninga skjer i barnehagen eller på skulen, men barnet kan også kome saman med føresette til logopeden sitt kontor.
Vi kan også delta i samarbeid rundt barn som har meir omfattande hjelpebehov.
Foreldre kan kontakte logopedtenesta
Dei fleste barna som får direkte hjelp frå logopedtenesta er i alderen 4 – 7 år. Det er foreldre som søker om hjelpa, via dette digitale skjemaet. Barnehagen eller skulen kan ta kontakt på vegner av foreldra. Dersom du som tilsett i barnehage eller skule er usikker på om logoped er riktig hjelp for barnet, eller om barnet også har andre hjelpebehov, kan du sette foreldra i kontakt med logopedtenesta før dei sender inn skjemaet. Føresette kan sende oss ein e-post med kontaktinformasjonen sin på e-post, så tar vi kontakt. Merk at dei ikkje må sende sensitive opplysningar (helseinformasjon eller hjelpebehov) på e-post.
Gjeld hjelpa systemarbeid, kan tilsette i barnehagen ta kontakt med kontaktpersonen sin frå PPT. Når logopedtenesta deltar i samarbeid rundt barn som har omfattande hjelpebehov, går ofte kontakten via barnet sin saksbehandlar i PPT.