-
04. mai 2025
Velkommen til markering av frigjerings- og veterandagen
Torsdag 8. mai 2025 markerer vi at det er 80 år sidan frigjeringa av Noreg. Samtidig heidrar vi veteranar frå andre verdskrigen og frå internasjonale operasjonar. Alle er velkomne til Minneparken 8. mai klokka 11.
-
01. mai 2025
Har fått midlar til drift av BUA og Open hall i tre år
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har fordelt ein halv milliard kroner til inkludering av barn og unge. Bjørnafjorden kommune fekk 2,5 millionar fordelt på tre år.
-
30. april 2025
Bjørnafjorden kommune ber om tilbod på ...kva for noko?
Når kommunen legg ut anbod på tenester over ein viss storleik, må vi, i tillegg til den nasjonale portalen Doffin, legge anbodet ut i EØS-portalen TED. Kunngjeringa blir automatisk omsett frå norsk til engelsk. På ein måte.
-
30. april 2025
Får 260 000 kroner til sykkelløyper på skulane
For at unge syklistar skal bli trygge i trafikken, treng dei sykle mykje i bilfrie omgivnader. Snart kan elevane i Bjørnafjorden øve i oppmerka sykkelløyper ved skulen sin.