- Ein spennande og givande sommarjobb

Engelina Rød (22) frå Hålandsdalen er både lærarstudent og pleieassistent-vikar på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). – Det er godt å kjenne at det ein gjer betyr noko for andre, seier ho.

–Det kjekkaste med jobben er kontakten med bebuarane og alle dei gode historiene eg får høyre, seier Engelina. Ragnhild Stende Bjaadal

Trass i at ho berre er 22 år, har Engelina allereie fem års fartstid som ferievikar og ekstrahjelp ved Fusa bu- og behandlingssenter. Ho begynte som sommarvikar då ho var 17 år, og har halde fram med å jobbe i feriar og helger sidan.

- Mange trur dei må ha erfaring frå helsearbeid eller vere under helsefagutdanning for å kunne vere ferievikar i pleie- og omsorgstenestene, men det stemmer ikkje. Personlege eigenskapar og innstilling til jobben er det viktigaste for oss, seier leiar for FBBS, Anne Halhjem. 

Cintya Møster (36) til venstre og Marta Martìn Garcia (47) til høgre er òg vikarar ved FBBS. Engelina Rød i midten. Cintya var kontormedarbeidar i heimlandet Brasil, medan spanske Marta er utdanna apotekteknikar. No planlegg begge å ta fagbrev som helsefagarbeidarar. - Vi trivst veldig godt i jobben. Det er godt å jobbe med menneske som er så takksame, seier dei. Ragnhild Stende Bjaadal På gang: - Det er aldri kjedeleg på jobb, seier Engelina.

Her søkjer du: Bli ferievikar ved Fusa bu- og behandlingssenter

Godt å gjere noko for andre

– Det kjekkaste med jobben er kontakten med bebuarane og alle dei gode historiene eg får høyre. Eg likar å prate, lytte og ta dei med ut når vêret tillet det. Dei eldre er så takksame, og det er godt å kjenne at det eg gjer betyr så mykje for andre. Eg er glad i både dei som bur her og kollegaene mine, og kunne nok aldri valt ein jobb der eg ikkje fekk jobbe med menneske, seier Engelina, som går andre året på lærarskulen i Bergen. Kvar tredje helg jobbar ho ved sjukeheimen, i tillegg til å ta ekstravakter som ringevikar.

Verdifull erfaring

– I starten var eg usikker på mange ting. Korleis ta på andre ei bukse, til dømes, ler Engelina. 
– Det er aldri kjedeleg på jobb. Det passar meg godt, for eg likar at det skjer ting rundt meg. Sjølvsagt er det travelt, men det stemmer likevel ikkje med det biletet mange har av å jobbe på ein sjukeheim. Det er både spennande og givande. Eg har lært mykje av denne jobben, som eg elles kanskje aldri hadde forstått. Eg veit at eg kan takle stressande situasjonar og ta ansvar når det er nødvendig. Det er erfaringar eg har med meg vidare i livet, seier Engelina.

 

Lyst på ein verdi- og meiningsfull sommarjobb? Eller kjenner du nokon som er på utkikk?

Likar du å jobbe med menneske? Då er sjansen stor for at vi har ein meiningsfylt jobb til deg i sommar. 

Vi treng ferievikarar i helse- og velferdstenestene våre

Vi ser etter deg som er glad i menneske, løysingsorientert, pliktoppfyllande og arbeidsam. Du treng ikkje ha erfaring frå helse- og omsorgsarbeid for å vere ferievikar hos oss - og du treng heller ikkje ha planar om å ta utdanning innan dette feltet. Du kan vere ung, vaksen eller godt vaksen. Personlege eigenskapar og innstillinga di er det viktigaste for oss, og du vil få opplæring

Vi treng sommarferievikarar til begge sjukeheimane våre, bufellesskap for barn og vaksne, innan psykisk helse og rustenester og i heimetenestene.

Vi treng vikarar i perioden 17.06.24-18.08.24 (veke 25-33)

Vi ser etter deg som er glad i menneske, løysingsorientert, pliktoppfyllande og arbeidsam. 
Du treng ikkje ha erfaring frå helse- og omsorgsarbeid for å vere ferievikar hos oss - og du treng heller ikkje ha planar om å ta utdanning innan dette feltet. 

For å vere ferievikar i heimetenestene, må du vere fylt 18 år og ha førarkort klasse B. I dei andre tenestene er vi opne for yngre søkjarar, så lenge du har dei rette eigenskapane og den rette innstillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi kan tilby interessante, meiningsfylte og varierte arbeidsdagar saman med flotte kollegaer og tenestemottakarar. Arbeidserfaring frå eit omsorgsyrke vil du ha nytte av, uavhengig av kva yrkesretning du vel seinare. Dette er verdifull erfaring som skil seg ut på CV-en, og ein bakgrunn mange framtidige arbeidsgivarar veit å verdsetje.

Her søkjer du:

Ferievikar ved Fusa bu- og behandlingssenter

Ferievikar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter

Ferievikar i tilrettelagte tenester for barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar

Ferievikar i eining for psykisk helse og rustenester

Ferievikar i heimetenester Os

Ferievikar i heimetenester Eikelandsosen/Baldersheim