Siste nytt Fri, 09 Apr 2021 14:33:28 GMT Fri, 09 Apr 2021 14:33:28 GMT RSS Feed Frå https://bjornafjorden.kommune.no https://bjornafjorden.kommune.no Det blir ei annleis 17. mai-feiring i år òg https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/det-blir-ei-annleis-17-mai-feiring-i-ar-og.27111.aspx Her er noko av det som vil skje i Bjørnafjorden kommune 17. mai 2021: 
  • Bjørnafjorden kommune inviterer igjen til digital 17. mai-markering.
  • Musikkorps vil besøke institusjonar rundt om i Bjørnafjorden, spele og spreie glede, i trygge omgjevnader utandørs. 
  • Tradisjonen tru, er alle 5. -klassingar i kommunen inviterte til å teikne 17. mai-teikningar. Vi gler oss til å sjå - og vise fram - dei flotte kunstverka etter kvart.

Meir og detaljert informasjon om programmet kjem.

Tenk kreativt (og trygt) i krinsane!

Vi oppfordrar 17. mai-komiteane rundt om i krinsane til å tenke kreativt og alternativt innanfor smittevernreglane. Korleis vi kan feire og kor mange som kan vere samla, avheng av smittesituasjonen. Regjeringa vil komme med ei presisering av råd og reglar for 17. mai-feiringa om kort tid.

Heis flagget, ta på finstasen og lat oss feire alt vi er glade for!

 

 

]]>
Å, så gjerne vi skulle ha samla oss i hopetal, gått i tog og feira i flokk! Men slik blir det ikkje - og då må vi gjere det beste ut av det, i år som i fjor.aid2696Fri, 09 Apr 2021 14:33:28 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)
7. april: Eitt nytt smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/7-april-eitt-nytt-smittetilfelle-av-covid-19-i-bjornafjorden-kommune.27105.aspx Smittevegen er ukjend. 

Var du på apoteket på Fjord'n senter på laurdag?

Vedkomande var ved Vitus apotek Fusa på Fjord'n senter i smittsam fase, laurdag 3. april.

- Apoteket har svært gode smittevernrutinar, så risikoen for smitte er låg. I samråd med apoteket, ber vi likevel dei som var innom på laurdag om å følgje ekstra godt med på eventuelle symptom og ha låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

]]>
Ein mann i 30-åra fekk påvist covid-19 i går, onsdag.aid2695Thu, 08 Apr 2021 12:00:25 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)
Har du søkt om sosialhjelp og lurer på kva som skjer i saka di? https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/har-du-sokt-om-sosialhjelp-og-lurer-pa-kva-som-skjer-i-saka-di.27103.aspx NAV Bjørnafjorden tar i bruk den nye innsynsløysinga frå og med i dag, 8. april. Den digitale løysinga gjer at du raskt og enkelt kan sjå status i saka di, lese brev og vedtak, og sjekke utbetalingar.

- Betre service

- Vi trur dette vil gi brukarane våre betre service, både ved raskare saksbehandling og ved at du sjølv raskt kan sjekke status i di eiga sak, seier avdelingsleiar i NAV Bjørnafjorden, Line Naterstad Solheim.

Har du spørsmål?

Treng du hjelp til utfylling? Ta kontakt med NAV sitt kontaktsenter på telefon 55 55 33 33. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan bruke digitale løysingar, kan du sjølvsagt framleis få hjelp i publikumsmottaket.

Les meir på nav.no/sosialhjelp.

]]>
No kan du enkelt både søkje og følgje saka di på nav.no/sosialhjelp.aid2694Thu, 08 Apr 2021 09:03:48 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)
Var du på Er-An i helga? https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/var-du-pa-er-an-i-helga.27087.aspx - Det er låg risiko for at besøkande kan ha blitt smitta i dette tilfellet. Men vi ber likevel om at alle som har besøkt restauranten i det aktuelle tidsrommet er ekstra merksame på symptom, og har låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Svært gode smittevernrutinar

Er-An veikro held stengt fram til og med torsdag 8. april. Alle tilsette blir testa i dag. Tre av desse blir rekna som nærkontaktar til den smitta, og er sett i karantene.

- Er-An har svært gode smittevernrutinar. Den tilsette har brukt munnbind og hanskar heile tida, og har ikkje hatt symptom. I samråd med Er-An, ber vi likevel besøkande om å følgje med og teste seg ved symptom, seier kommuneoverlegen.

Slik går du fram for å teste deg

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

]]>
Ein tilsett ved Er-An veikro på Røykenes har fått påvist covid-19.Vedkomande var på jobb i smittsam fase ettermiddag/kveld laurdag 3. og søndag 4. april.aid2690Wed, 07 Apr 2021 10:41:34 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)
Kommuneoverlegen informerer: Koronavaksinasjon i Bjørnafjorden veke 15 https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/kommuneoverlegen-informerer-koronavaksinasjon-i-bjornafjorden-veke-15.27085.aspx - Dette betyr at alle som er fødde i 1949, 1950 og 1951 vil få tilbod om å ta koronavaksine neste veke. I tillegg vil vi gi vaksine til fleire yngre med høgrisikodiagnosane organtransplantasjon, alvorleg immunsvikt, aktiv kreftsjukdom, alvorlege nevro-muskulære tilstandar og kronisk nyresjukdom, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Vaksinering med AstraZeneca-vaksinen er stoppa, og vil ikkje bli starta opp igjen før FHI eventuelt gir klarsignal. Dette betyr at også vaksinering av kritisk helsepersonell er lagt på is. 

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS.

Har du fastlege i ein annan kommune?

- Då vil du anten bli kalla inn til vaksinering av fastlegen din eller av oss i Bjørnafjorden kommune, etter avtale med fastlegen din. Du treng ikkje gjere noko. Vent på innkalling, seier kommuneoverlegen.

Kva skjer med vaksinedosen om nokon ikkje møter opp?

Nokre kommunar ber innbyggarar som kan vere tilgjengelege på 30 minutts varsel om å registrere seg på ei liste, slik at dei kan bli kalla inn dersom andre ikkje skulle møte opp til timen sin.

- Vi har ikkje ei slik "reserveliste" i Bjørnafjorden. Før kvar vaksinasjonsdag blir dei neste på lista spurde om dei kan vere standby, og det fungerer veldig bra, seier Melf.

 

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune 

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.

Slik bestiller du time

Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time.
Her kan du bestille time

 

]]>
Neste veke, veke 15, vil 786 personar i prioriteringsgruppe 4 få tilbod om første dose med koronavaksine (BioNTech/Pfizer). Prioriteringsgruppe 4 er personar mellom 65 og 74 år, pluss personar mellom 16 og 64 år med sjukdomar eller tilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp.aid2688Wed, 07 Apr 2021 09:46:54 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)
5. april: Tre nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/5-april-tre-nye-smittetilfelle-av-covid-19-i-bjornafjorden-kommune.27077.aspx
  • Mann i 20-åra
  • Mann i 30-åra
  • Jente i barneskulealder
  • Alle dei tre er smitta på same stad i ein annan kommune. Nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

    Slik går du fram for å teste deg for korona

    Klikk her for å bestille time for testing

    Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

    Her kan du bli testa

    • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
    • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

    Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

    ]]>
    Tre personar fekk påvist covid-19 i går, måndag.aid2685Tue, 06 Apr 2021 12:17:29 GMTellun@bjornafjorden.kommune.no (Eline Lundervold)
    Vi skal sykle til jobben, og vil ha deg med! https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/vi-skal-sykle-til-jobben-og-vil-ha-deg-med.27003.aspx Kanskje er de fleire som vil gå saman og konkurrere mot andre lag på arbeidsplassen eller i nabolaget? Du kan vinne flotte premiar både undervegs og til slutt i konkurransen. Aksjonen startar med Kick-off utanfor rådhuset på Osøyro tysdag 20. april. 

    Meld deg på aksjonen 

    Vil du vere sykkel-ambassadør? 

    Bjørnafjorden kommune er med i årets Sykle til jobben-aksjon saman med mellom anna Bergen, Askøy, Øygarden og Alver kommunar. For å vise fram aktiviteten vi Bjørnafjordingar gjer i perioden frå 20. april til 18. juni, ønsker vi kontakt med personar vi kan få følgje gjennom kampanjen. Som sykkel-ambassadør kan du dele dine tankar med oss om korleis du er aktiv i kvardagen din!

    Har du lyst til å vere ein slik ambassadør, til inspirasjon og glede for andre som vurderar å bli med på kampanjen, send oss ein e-post. 

    Les også vi heidrar alle vintersyklistar

    ]]>
    Når Bjørnafjorden kommune no hiv seg på aksjonen Sykle til jobben, er det gratis for alle i kommunen å bli med! Vi oppmodar eigne tilsette om å ta til sykkelsetet, men også alle andre i kommunen vår. Du kan registrere all aktivitet: sykling til jobb, tur med hunden, tur på fjellet, svømmetur, fotball, yoga, golf og all annan aktivitet du måtte finne på å drive med i to månader frå 20. april til 18. juni 2021.aid2659Tue, 06 Apr 2021 09:56:01 GMTellun@bjornafjorden.kommune.no (Eline Lundervold)
    1. april: To nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/1-april-to-nye-smittetilfelle-av-covid-19-i-bjornafjorden-kommune.27075.aspx Slik går du fram for å teste deg for korona

    Klikk her for å bestille time for testing

    Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

    Her kan du bli testa

    • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
    • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

    Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

    ]]>
    Ein 18 år gamal mann, og ei kvinne i slutten av 60-åra fekk positiv covid-19 test i går. Det første tilfelle er importsmitte frå utlandet, og mannen hadde negativ test 24 timar før avreise. Kvinna som er smitta bur i same husstand som smittetilfelle i går 31. mars. Alle nærkontaktar er varsla og satt i karantene.aid2684Fri, 02 Apr 2021 11:49:38 GMTellun@bjornafjorden.kommune.no (Eline Lundervold)
    31. mars: To nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/31-mars-to-nye-smittetilfelle-av-covid-19-i-bjornafjorden-kommune.27069.aspx Alle nærkontaktar er varsla og satt i karantene.

    Slik går du fram for å teste deg for korona

    Klikk her for å bestille time for testing

    Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

    Her kan du bli testa

    • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
    • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

    Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

     

    ]]>
    Ein mann i 70-åra og ein mann i 20-åra fekk påvist covid-19 i dag. Det første tilfelle har ukjend smitteveg, og smittesporar jobbar med å finne mogleg smitteveg. Det andre tilfelle har kjend smitteveg.aid2683Wed, 31 Mar 2021 15:15:21 GMTellun@bjornafjorden.kommune.no (Eline Lundervold)
    Ut på lokal tur i påska? Her er nokre tips frå kultursjefen https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/ut-pa-lokal-tur-i-paska-her-er-nokre-tips-fra-kultursjefen.27065.aspx Er du ute i rett tid, kan du fylle på til ei aktiv inne-påske med filmar, lydbøker og bøker frå hovudbiblioteket på Osøyro, som er ope måndag og tysdag i påskeveka. Når du skal på tur bør du unngå kø og i staden gå dine eigne vegar. Bjørnafjorden har mykje å by på!

    Unngå kø - ta heile Bjørnafjorden i bruk

    Mange går på tur, nyt frisk luft og er fysisk aktive for å bryte opp dagar med mykje inneliv og sosial isolasjon.
    Det er flott at vi kan nyte friluftslivet i nærmiljøet slik stoda er, men det er uheldig om alle går på dei same plassane. Det er tendensar til køgåing på populære turmål på fine dagar, og det er ekstra viktig at alle no held to meter avstand til andre enn dei vi bur saman med.

    Klikk for stort bileteKultursjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes, har både turforslag og tur-smittevernråd for påsken 2021. Midtsiden Ta omsyn når du skal parkere

    Parkering blir fort ei utfordring når alle skal på tur samstundes. Det beste er om du tek turen i nærmiljøet og let bilen stå. Om du køyrer til utfartsstaden, må du parkere på tilvist stad. Ikkje parker på innmark, og ikkje slik at du hindrar ferdsel og utrykningskøyretøy! Det er betre å gå nokre meter ekstra enn å øydelegge dagen for andre.

    Bjørnafjorden kommune kan by på så utruleg mykje. På ut.no ligg det mange turar med ulik lengde og vanskegrad klare til utforsking. Her finn du både kartutsnitt og turomtale.

    I tillegg kan Bjørnafjorden by på 30 fantastiske friluftsområde med variert natur.

    Tips til fine turar

    ​​​​​​​Fjell- og koronavettreglar

    I tillegg til å følgje dei vanlege fjellvettreglane, bør du i desse korona-tider hugse å halde avstand til folk du møter, anten det er til fots eller på ski. Avstanden skal vere to meter om du ikkje brukar munnbind. Vi bør ikkje gå i grupper på meir enn fem personar. Skal du passere andre, gjeld høgreregelen og med god avstand.
    Hugs at god hand- og hostehygiene gjeld også når du er ute i friluft. Ønskjer du å gå tur eller jogge i område der mange ferdast, er det lurt å gå ut på tider med færre folk, anten på morgonen eller på kvelden.

    Bli hekta på Bjørnafjordtrimmen, du òg!

    Mange er hekta på å registrere turpoeng i Bjørnafjordstrimmen ved hjelp av appen Trimpoeng, som har over 700 lokale deltakarar før påske. Dei to lokale turlaga står bak dette flotte tiltaket. 
    Her må vi oppfordre folk til å oppsøke flest mogleg av dei 113 flotte poengivande turmåla. 

    Ta heile Bjørnafjorden i bruk! Då får du mange flotte opplevingar, samtidig som det er trygt og sunt for både for deg og alle andre.

    God påske!

    ]]>
    Sjølv om påska g i år blir annleis, så kan ho bli både aktiv og innhaldsrik for oss alle. Her er nokre forslag og råd frå kultursjef Erik Vangsnes.aid2682Sun, 28 Mar 2021 19:10:38 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)