Kunngjeringar Fri, 27 Nov 2020 08:35:15 GMT Fri, 27 Nov 2020 08:35:15 GMT RSS Feed Frå https://bjornafjorden.kommune.no https://bjornafjorden.kommune.no Kunngjering: Behandling av budsjettframlegget https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/kunngjering-behandling-av-budsjettframlegget.25990.aspx Sjå òg kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 15.12.2020.
Har du merknader til budsjettframlegget?  
Fyll ut det digitale høyringsskjemaet du finn på bjornafjorden.kommune.no/uttale, eller send merknader på e-post til post@bjornafjorden.kommune.no Merk med saksnummer 20/14329.

Frist for å sende inn merknad er 14. desember 2020.

]]>
Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjettet for 2021 og økonomiplanen 2021-2024 inkl. gebyr- og prisliste for 2021, blir lagt ut til offentleg ettersyn på bjornafjorden.kommune.no frå 1. desember 2020, etter møtet til formannskapet.aid2435Fri, 27 Nov 2020 08:35:15 GMTmalys@bjornafjorden.kommune.no (Mari Lyssand)
Oppgradering og flytting av oppdrettsanlegg https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/oppgradering-og-flytting-av-oppdrettsanlegg.25787.aspx Bjørnafjorden kommune har motteke og gjeve si uttale til søknad frå oppdrettsselskapet, Bolaks AS, om utviding og endring ved selskapet sin
 konsesjon på lokaliteten, "Håvikvågen". Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete  

Gamle merdar skal byttast ut med nye system, og heile anlegget skal flyttast lengre ut frå land. Det er viktig for verksemda å kunne optimalisere produksjonen ut frå storleiken på konsesjonen som gjeld på lokaliteten, men det er ikkje snakk om ei utviding av gjeldane konsesjon.

Saka vart kunngjort 08.05.2020 på kommunen sine heimesider, men grunna ufullstendig varsling, naboklage og behov for at en feil i sakshandsaminga hjå Fylkesmannen vert retta opp har konsesjonsmyndigheiten bede om at saka vert kunngjort på nytt. Det er òg gjennomført ein støyanalyse sidan sist, som vil verte lagt til grunn i den vidare handsaminga av saka.
Det er Vestland fylkeskommune som fattar vedtak i saka, men det er knytt klagerett på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå kunngjeringsdato.
Meir informasjon om klage kjem fram av vedlegget i vedtaksbrevet frå fylkeskommunen, som er arkivert i saka.

Det er gjennomført miljøundersøkingar på staden, som understøttar søknaden frå Bolaks. Det er gode miljøfaglege argument for endringa på lokaliteten. Fylkesmannen hadde inga innvendingar til søknaden i si første handsaming, då miljøundersøkingane viser tilfredsstillande verdiar hjå fjordsystemet. Kystverket og andre offentlege instansar har òg gjeve positiv uttale til søknaden. Det er imidlertid å vente at Fylkesmannen vil vurdere andre sider av saka annleis no som ein er gjort kjend med klage frå naboar.


Administrasjonen har avklart at tiltaket er i samsvar med arealføremålet i kommuneplanen sin arealdel og i samsvar med kommuedelplanen for akvakultur i tidlegare Fusa kommune. I kommunedelplanen er det sett krav til maksimalt utnytta overflateareal (BYA) på lokaliteten, og administrasjonen har lagt til grunn for sin uttale at utforming og plassering av fôrflåte og ringsystem ikkje skal vere til større ulempe og/eller sjenanse for bebuarar eller fritidsaktivitetar i området etter flytting/endring av anlegget enn det som har vore tilfelle før flytting/endring.
Meir informasjon i saka finn du ved å klikke her
Om du har ytterlegare spørsmål i saka, så kan epost sendast til kommunen sitt sentrale epostmottak: post@bjornafjorden.kommune.no.

]]>
Oppdrettsselskapet, Bolaks AS, har søkt om å få oppgradere og forflytte sitt produksjonsanlegg for matfisk i Håvikvågen.aid2390Tue, 17 Nov 2020 19:30:42 GMTarrs@bjornafjorden.kommune.no (Arne Richard Stadaas)
Oppstart og høyring av planprogram for klima- energi- og miljøplan for Bjørnafjorden kommune 2021-2033 https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/oppstart-og-hoyring-av-planprogram-for-klima-energi-og-miljoplan-for-bjornafjorden-kommune-2021-2033.25765.aspx Politisk styringsgruppe legg forslag til planprogram for klima-, energi- og miljøplan for Bjørnafjorden kommune 2021-2033 ut på høyring og til offentleg ettersyn med høyringsfrist 31. desember 2020, og varslar samtidig oppstart av planarbeidet. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13.

Du finn dokumenta i saka her.

Høyringsinnspel skal sendast kommunen skriftleg via denne lenkainnan 31.12.2020.  

Spørsmål i saka kan rettast til sakshandsamar Birte Aasen: biraas@bjornafjorden.kommune.no.

]]>
​​​​​​ Oppstart og offentleg ettersyn for planprogram for klima-, energi- og miljøplan for Bjørnafjorden kommune Saksnummer: 20/15944 31.12.2020aid2378Mon, 16 Nov 2020 11:21:59 GMTbiraas@bjornafjorden.kommune.no (Birte Markeseth Aasen)
Kunngjering: Oppstartvedtak trafikksikringsplan https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/kunngjering-oppstartvedtak-trafikksikringsplan.25770.aspx Frist for innspel og merknadar er sett til 30.12.2020.

Bruk dette digitale skjemaet til å senda innspel eller merknader.
 

Merknadar kan også sendast til post@bjornafjorden.kommune.no eller Bjørnafjorden kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

]]>
Med heimel i plan- og bygningslova 11-12 og 11-13 vert det med dette varsla oppstart av arbeid med ny kommunedelplan for trafikksikring for Bjørnafjorden kommune og offentleg ettersyn av planprogram, datert 08.09.2020, jf. vedtak i plan- og bygningsutvalet (trafikksikringsutvalet) 15.10.2020, sak 251/2020.Her finn du alle dokumenta i saka.aid2382Fri, 13 Nov 2020 14:42:08 GMTmalys@bjornafjorden.kommune.no (Mari Lyssand)
Kunngjering: Forskrift om smitteverntiltak i Bjørnafjorden kommune, 7.11-23.11 https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/kunngjering-forskrift-om-smitteverntiltak-i-bjornafjorden-kommune-7-11-23-11.25657.aspx § 1 Formål og verkeområde
Forskriftas formål er å fastsette smittevernfaglege tiltak for å hindre eller avgrensespreiing av SARS CoV-2 i befolkninga og blant helsepersonell, og sikre at tilstrekkeleg kapasitet i helse- og omsorgstenesta blir oppretthalde, slik at tenesta kan handtere smittesituasjonen og ivareta ordinære helse- og omsorgstenester, i periodar der smittetala er stigande eller høge.
Forskrifta gjeld i Bjørnafjorden kommune.

Les heile forskrifta om smitteverntiltak i Bjørnafjorden kommune, 7.11-23.11

]]>
Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen, i samarbeid med kommunedirektøren i Bjørnafjorden kommune 6. november 2020 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar 4-1.aid2353Fri, 06 Nov 2020 18:09:20 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)
Høyring: Framlegg til barnehage- og skulerute for Bjørnafjorden kommune 2021-2022 https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/hoyring-framlegg-til-barnehage-og-skulerute-for-bjornafjorden-kommune-2021-2022.25635.aspx Spørsmål om framlegget til skulerute kan rettast til fagsjef oppvekst Janne Martha Efteland Eik. Har du innspel eller merknader? Her finn du skjema for å sende høyringssuttale.

Høyringsfristen er 9. desember 2020.

]]>
Framlegg til barnehage- og skulerute for Bjørnafjorden kommune er lagt ut til offentleg ettersyn.aid2342Wed, 04 Nov 2020 15:33:55 GMTmalys@bjornafjorden.kommune.no (Mari Lyssand)
Kunngjering av vedteken endring for Hegglandsdalsvegen, Vallabrua https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/kunngjering-av-vedteken-endring-for-hegglandsdalsvegen-vallabrua.25595.aspx Planområdet

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova har kommunestyret i Bjørnafjorden i møte den 27.10.2020, sak 145/2020,  godkjent endring av reguleringsplan for Hegglandsdalsvegen, Vallabrua. 

Gjeldande reguleringsplan vert endra for å sikre tilstrekkeleg areal til vegutviding, riggområde og midlertidig bru ved Vallabrua. Tiltaket er eit av fleire for å sikre trygg skuleveg til Borgafjellet skule og betre tilhøve for mjuke trafikantar i området elles.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 25.11.20. Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 20/2526.

Dokument i saka finn du her

]]>
Vedteken endring av reguleringsplan for Hegglandsdalsvegen, Vallabrua Frist for å klage: 25.11.20 Arkivsak: 20/2526aid2332Tue, 03 Nov 2020 09:58:23 GMTstun@bjornafjorden.kommune.no (Stine Unneland)
Ny vurdering av kvalifikasjonar i samband med klage på konkurransen om nytt parkeringsanlegg https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/ny-vurdering-av-kvalifikasjonar-i-samband-med-klage-pa-konkurransen-om-nytt-parkeringsanlegg.25212.aspx Kommunen gjort ei ny vurdering av om den opphavlege konklusjonen var i tråd med regelverket. KOFA sine utsegner om tolkninga av dei aktuelle kvalifikasjonskrava er vektlagde i vurderinga.

Resultatet av den nye vurderinga: 

Donar AS er avvist frå konkurransen på grunn av manglande oppfylling av kvalifikasjonskravet om miljøleiingssystem. Bjørnafjorden kommune ser at den opphavlege vurderinga av Donar sitt miljøleiingssystem ikkje har vore grundig nok, mellom anna er det ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle kravet at Donar har lagt fram dokumentasjon for underleverandøren sitt miljøleiingssystem.

Vidare har kommunen konkludert med at ÅBF sitt kvalitetssikringssystem oppfyller kvalifikasjonskravet om tilfredsstillande kvalitetssikringssystem. Det er dermed ikkje grunnlag for å avvise ÅBF eller gjere om på avgjerda om tildeling i konkurransen.

Saman med den nye kvalifikasjonsvurderinga av ÅBF sitt kvalitetssikringssystem, har Bjørnafjorden kommune vurdert om ÅBF sitt kvalitetssikringssystem inneber ei kvalitetssikring likeverdig ISO 9001:2008.

Som del av denne vurderinga har kommunen fått uavhengig råd frå ein ekstern konsulent med ekspertise innan sertifisering av kvalitetssikringssystem, mellom anna ISO-sertifiseringar. Konsulenten har konkludert med at ÅBF sitt kvalitetssikringssystem ikkje er identisk med ISO 9001:2008. Det har ein annan struktur, men når samla sett terskelen for eit likeverdig system.

Basert på eksterne råd og kommunen si nye kvalifikasjonsvurdering, har Bjørnafjorden kommune konkludert med at ÅBF oppfyller kvalifikasjonskravet. Denne vurderinga er no gjennomført i samsvar med tolkninga som KOFA har lagt til grunn. Innkjøpsavdelinga i Bjørnafjorden kommune har òg bidratt med si faglege vurdering. 

]]>
Bjørnafjorden kommune har gjort ei ny kvalifikasjonsvurdering etter Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) si avgjerd i sak 2020/607 om kommunen si kvalifikasjonsvurdering av Åsane Byggmesterforretning AS (ÅBF) og Donar AS.aid2319Fri, 30 Oct 2020 13:39:25 GMTrasb@bjornafjorden.kommune.no (Ragnhild Stende Bjaadal)
Høyring: Forslag til kommunal planstrategi for Bjørnafjorden kommune https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/hoyring-forslag-til-kommunal-planstrategi-for-bjornafjorden-kommune.25157.aspx Formannskapet vedtok i møte 27.10.2020 å senda forslaget til kommunal planstrategi for Bjørnafjorden kommune 2020-2024 ut på høyring og til offentleg ettersyn.Høyringsfristen er 27. november. Kommunestyret fattar endeleg vedtak 15. desember. aid2306 Wed, 28 Oct 2020 15:34:05 GMT ella.marie.brekke.vangsnes@fusa.kommune.no (Ella Marie Brekke Vangsnes) Endring av vedtekter lagt ut til offentleg ettersyn https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/kunngjeringar/endring-av-vedtekter-lagt-ut-til-offentleg-ettersyn.24792.aspx Samandrag av saka

Bjørnafjorden kommune ynskjer å innføre eit overflyttingsopptak før hovudopptaket 1. mars, for å kunne få meir oversikt over ledig kapasitet i dei ulike barnehagane og for å korte ned prosessen i hovudopptaket. Overflyttingsopptaket er for dei barna som allereie har ein barnehageplass, men som ønsker å flytte til anna barnehage. Slik det er i dag tar opptaket unødig lang tid pga. at det er mange barn som ynskjer å skifte barnehage. Noko av dette kunne vore rydda vekk i forkant med eit overflyttingsopptak.

Her kan du lese dokumenta i saka.  

Har du innspel eller merknader? Fyll ut og send inn elektronisk skjema for høyringsuttale. Høyringsfristen er 17. november.

]]>
Tenesteutvalet vedtok i møte 21. oktober 2020 å legge endring av vedtekter for samordna opptak i barnehagane i Bjørnafjorden kommune ut til offentleg ettersyn.aid2288Fri, 23 Oct 2020 13:49:06 GMTmalys@bjornafjorden.kommune.no (Mari Lyssand)