Informasjon om føring av fråvær på vitnemålet
For inntil 10 skuledagar i eit opplæringsår kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet:
a) dokumentert fråvær av helsemessige årsaker.
b) innvilga permisjon etter opplæringslova §2-11
For at fråvær av helsemessige årsaker etter bokstav a) ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven legge fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær av helsemessige årsaker må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a) på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
Dokumentasjon
På siste side i skjemaet kan du laste opp dokumentasjon på fråværet.
- Du kan laste opp legeerklæring som vedlegg dersom det berre står at du var borte på grunn av sjukdom.
Merk: Du må ikkje laste opp legeerklæring som inneheld personsensitive opplysningar, som t.d diagnose, behandling eller annan helseinformasjon. Slik legeklæring må du levere på skulen eller sende i posten.
- Dersom kontaktlærar har innvilga ein kort permisjon, må du laste opp svaret som vedlegg (det held å laste opp mobilfoto av svaret frå læraren).
- Enkeltvedtak om elevpermisjon ligg alt i elevmappa di, og treng ikkje lastast opp. (Enkeltvedtak er t.d. permisjonar inntil ti dagar, innvilga av rektor.)
Ta kontakt med skulen din dersom du er usikker på om skulen allereie har fått den nødvendige dokumentasjonen.