Aktuelt

  • 04. juni 2020 Leig ein oselvar
    Legg ut på Bjørnafjorden i ein oselvar!
  • 03. juni 2020 No er det tid for Sommarles!
    No kan alle 1.- 7. klassingar i Bjørnafjorden kommune bli med på den kulaste lesekampanjen i landet, saman med barn frå heile Noreg.
  • 02. juni 2020 Bli med å utvikle demensomsorga i Bjørnafjorden!
    Er du ein engasjert sjukepleiar med eit hjarte som bankar litt ekstra for personar med demenssjukdom?Luranetunet bu- og behandlingssenter har ledige stillingar for sjukepleiarar ved avdelingane for personar med demenssjukdom. Dei seks avdelingane har mellom 11 og 20 bebuarar, og den eine har ei forsterka eining for alderspsykiatri.Søknadsfrist: 15. juni.
  • 28. mai 2020 Informasjon om besøk til sjukeheimane våre
    Vi opnar for meir "normale" besøksrutinar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter frå laurdag 30. mai. For å ha kontroll på smittevernet, må institusjonane framleis ha nokre restriksjonar ved besøk.Gjester må avtale besøk med avdelinga på førehand, setje seg inn retningslinjene og følgje smittevernråda under heile besøket.
  • 28. mai 2020 Skal de gifte dykk i sommar? Hugs å sende inn nødvendige papir!
    Sommaren er høgsesong for giftarmål, og kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Bjørnafjorden. Midt i all romantikken må de hugse på nokre praktiske ting, til dømes fristane for å sende inn dokument.
  • 19. mai 2020 Les Bjørnafjorden kommune sitt høyringssvar til rusreforma
    Stortinget skal snart stemme over regjeringa sitt framlegg til rusreform. Framlegget foreslår at Noreg avkriminaliserer mindre narkotikalovbrot.Dette inneber at personer som blir tatt for bruk, kjøp eller oppbevaring av mindre mengder narkotika til eige bruk, ikkje lenger skal straffast. I staden skal dei bli innkalte til eit møte med ei kommunal rådgivingseining for narkotikasaker.
  • 19. mai 2020 Lyseparken - kva no?
    Lyseparken har hatt ei lang og mangslungen reise i løpet av dei 30 åra ein næringspark i Endelausmarka har stått på blokka i Os, no Bjørnafjorden, kommune. Det har vore mange idear, utgreiinger, endringar, motsegner og skjær i sjøen. Administrasjon og politikarar har jobba hardt og målretta overfor regionale og nasjonale mynde for å realisere ideen.No skal endeleg den ferdige områdeplanen for Lyseparken opp i kommunestyret før sommarferien 2020. Kva skjer så?
  • 19. mai 2020 Kvalvik blir driftsdirektør i Statsbygg
    Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, Jarle Kvalvik, blir driftsdirektør i Statsbygg.
  • 18. mai 2020 Støttetelefonen og -chatten på vent inntil vidare
    Den lokale støttetelefonen og -chatten for Bjørnafjorden kommune blei oppretta 24. mars som eit hjelpetilbod til innbyggarane våre. Tilbodet har vore lite brukt, og blir no avvikla inntil vidare.
  • 16. mai 2020 Velkommen til digital 17. mai-feiring i Bjørnafjorden! Sjå sendinga her
    Første 17. mai i Bjørnafjorden kommune blir ikkje slik vi hadde sett for oss. Vi skulle gjerne ha samla oss om tradisjonane på skuleplassar og ungdomshus, men det set smittevernreglane ein stoppar for i år. I staden inviterer Bjørnafjorden kommune til digital feiring. Det blir 17. mai-sending frå klokka 11.30 og fram til heile landet syng "Ja, vi elsker" kl 13. Liv Grete Skjelbreid og Eirik Søfteland leier oss gjennom eit program med ei smittevernvennleg blanding av innslag innspelt på førehand og gjester i studio på Oseana-altanen. Vi gler oss!
  • 16. mai 2020 Sjå femteklassingane sine flotte 17. maiteikningar!
    17. mai-komiteen inviterte for nokre veker sidan alle skulane i Bjørnafjorden til å la femteklassingane lage 17. mai-teikningar til kommunen sitt digitale galleri. Imponerande mange skular sende inn teikningar midt i heimeskuletida! Tusen takk til alle elevar som har teikna, foreldre som har avfotografert og sendt teikningane til skulen, og lærarar som har samla inn og organisert. Bra jobba i alle ledd!
  • 16. mai 2020 Løyser du 17. mai-kryssordet?
    Er du glad i både 17. mai, Bjørnafjorden og kryssord? Her får du alle tre i eitt, med helsing frå kultureininga. Løys 17. mai-kryssordet Magda Haugen har laga (PDF, 158 kB), og send inn løysingsorda til krb@bjornafjorden.kommune.no innan onsdag 20. mai. Då er du med i trekninga av gåvekort på Oseana. Lukke til!
  • 15. mai 2020 Kulturskulen opnar for vanleg undervisning frå måndag 18. mai
    Bjørnafjorden kulturskule opnar att for vanleg undervisning frå 18. mai. Det einaste unntaket er Musikkbarnehage, som framleis er stengt på grunn av smittevern.
  • 15. mai 2020 Bli med å utvikle Bjørnafjorden-samfunnet!
    Fem spennande stillingar er ledige innan kommunalområdet Samfunnsutvikling, alle med søknadsfrist 25. mai.Vi kan love interessante, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver og hyggelege kollegaer.
  • 13. mai 2020 Idrettsanlegga opnar for forsiktig innandørs bruk
    Idrettsbygga i Bjørnafjorden kommune opnar endeleg for organisert aktivitet innandørs igjen. Dette gler vi oss til!Føresetnaden for opning er at alle - deltakarar, arrangørar, trenarar, føresette og publikum - overheld retningslinjene for smittevern.
  • 12. mai 2020 Velkomne til avtalte besøk på sjukeheimen
    Vi opnar for kontrollerte og planlagde besøk ved Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter til bebuarar som ikkje er smitta eller er i karantene frå og med onsdag 13. mai 2020.Ta kontakt med avdelinga for å avtale besøk.
  • 12. mai 2020 Er du ein samlande leiar med erfaring frå kommunale helsetenester?
    Bjørnafjorden kommune søkjer einingsleiar til Luranetunet bu- og behandlingssenter.
  • 08. mai 2020 Sjå når 5.-10. trinn startar opp ved dei ulike kommunale skulane i Bjørnafjorden kommune
    I løpet av neste veke, veke 20, skal endeleg alle elevane våre få kome tilbake på skulen! Oppstartsplanen er utarbeidd i samarbeid mellom rektorane og kommunen. Årsaka til at det er ulike datoar for oppstart for ulike skular og klasser, har samanheng med lokale forhold som til dømes skulestorleik, tal på elevar, tilgjengelege undervisningsrom og skyss. Smittevern står heilt sentralt. Kvar enkelt skule vurderer og organiserer skuledagen for sine elevar i samsvar med råda i den nasjonale smittevernrettleiaren. Rektor ved kvar skule vil sende ut meir informasjon om oppstart, smittevern og organisering av skuledagen til elevar og føresette. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med den aktuelle skulen. Velkommen tilbake!
  • 07. mai 2020 Plan for gjenopning av grunnskulane i Bjørnafjorden kommune kjem fredag ettermiddag
    Regjeringa presenterte torsdag ettermiddag planen for gjenopning av ei rekke tenester, inkludert skulane for 5.-10. trinn.Bjørnafjorden kommune er i gang med å gjere klart for oppstart i grunnskulane, og vil legge fram plan for gjennomføring etter klokka 14 i morgon, fredag 8. mai.
  • 06. mai 2020 Tilbake til (litt meir) normal barnehagekvardag i dei kommunale barnehagane frå neste veke
    Bjørnefjorden kommune har beslutta at frå neste veke (veke 20) skal opningstida vere kl. 07.30-16.00 i dei kommunale barnehagane.
Til toppen