Aktuelt

  • 25. februar 2020 Velkommen til pendlarparkeringa ved Banktjørna
    Reiser du kollektivt til Bergen på jobb? Du kan parkere på pendlarparkeringa ved Kiwi Idrettsvegen utan å legge fram oblat eller reisekort frå Skyss.
  • 25. februar 2020 Festkveld for Bjørnafjorden fredag 6. mars
    Bjørnafjorden kommune har svært mykje å by på av både amatørkultur og profesjonell kunst og kultur. Vi feirar den nye og flotte kulturkommunen vår med eit feiande flott festprogram!
  • 24. februar 2020 Nytt om kommunale gebyr for Bjørnafjorden kommune
    17. desember 2019 blei det første gebyrregulativet for Bjørnafjorden kommune vedteke. Det medfører nokre endringar i korleis fakturaen for kommunale gebyr ser ut.
  • 20. februar 2020 Søk om tilskot til integrering og inkludering
    Vestland fylkeskommune lyser ut tre tilskotsordningar som har som formål å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar. Kommunar, private verksemder og frivillige organisasjonar kan søkje. Søknadsfrist er 15. mars 2020.
  • 19. februar 2020 Treng du tilskot til kultur?
    Hugs søknadsfristen 1. mars!
  • 19. februar 2020 Rekneskapsresultatet for Os kommune 2019 er klart
    Driftsrekneskapen i det siste året for Os kommune viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på 65,2 mill. kr.
  • 18. februar 2020 Desse sakene skal opp i kommunestyret i dag
    Dei folkevalde skal behandle, mellom anna, folkehelserapporten, områdeplan for Eikelandsosen, Byvekstavtalen og omstillingsprosjektet Bjørnafjorden 22.
  • 12. februar 2020 Spørjeundersøking: Korleis kan vi gjere Osøyro meir aldersvennleg?
    Vi ønskjer eit meir aldersvennleg samfunn. For å få det til, treng vi kunnskap om kor og korleis seniorar nyttar ulike område i kommunen i dag. Kva er bra? Kva kan bli betre?
  • 10. februar 2020 God handhygiene er godt smittevern
    Vi er midt i sesonginfluensaen. I tillegg høyrer vi mykje om det nye koronaviruset frå Kina i media. Dei same råda som gjeld for førebygging av vanleg sesonginfluensa, gjeld òg for førebygging av koronaviruset.
  • 09. februar 2020 Meteorologisk institutt varslar om ekstremt høg vasstand som følgje av ekstremvêret Elsa
    Meteorologisk institutt (Met) varslar om ekstremt høg vasstand (raudt nivå) i Vestland fylke, måndag 10. og tysdag 11. februar
  • 06. februar 2020 Eta! Temadagar om mat, kropp og sjel våren 2020
    Eta! er namnet på ei rekke temadagar om kosthald og helse, i regi av Friskliv og meistring. Kom og få konkrete tips og råd for å førebygge og halde sjukdom i sjakk, og auke livskvaliteten din.
  • 05. februar 2020 Møtet i plan- og bygningsutvalet 6. februar blir strøymt på Facebook-sida vår
    Møtet i plan- og bygningsutvalet (PBU) torsdag 6. februar er flytta til rom 126 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Årsaka er at utvalet vil ha ei synfaring i samband med områdeplanen for Eikelandsosen. Du kan følgje møtet direkte via Bjørnafjorden kommune si Facebook-side. Sendinga startar klokka 9.Møtet er ope for publikum.
  • 05. februar 2020 Felles faktura for januar og februar
    Stussa du på at summen på fakturaen du nyleg fekk frå kommunen var høgare enn du er van med? Forklaringa er at alle som har bestilt månadleg fakturering av kommunale gebyr, denne gongen har fått faktura for to månader.
  • 04. februar 2020 Motorsagkurs 21. og 22. februar
    Midthordland Skogeigarlag inviterer til motorsagkurs i Lysefjorden fredag 21. og 22. februar.
  • 30. januar 2020 Skal du søkje barnehageplass?
    Ny søknad? Frist for å legge inn ny søknad om barnehageplass for 2020/2021 er 1. mars. Har du alt ein søknad liggande inne?Då må du bekrefte denne innan 19. februar elles blir søknaden sletta (bruk knappen "endra søknad")
  • 30. januar 2020 Brann og redning er i gang med feiing og tilsyn for fritidsbustadar
    Bjørnafjorden brann og redning har ein feie- og tilsynsfrekvens for fritidsbustadar basert på kartlegging, på same måte som for bustadhus. Det er over 2100 fritidsbustadar i Bjørnafjorden kommune. Dette betyr at ikkje alle får tilsyn eller feiing det første året.
  • 23. januar 2020 Bli med på UKM-workshop i graffiti!
    Ung Kultur Møtes (UKM) Bjørnafjorden inviterer til workshop i graffiti laurdag 8. februar.
  • 23. januar 2020 Bli med på UKM-workshop i League of Legends!
    Ung Kultur Møtes Bjørnafjorden (UKM) inviterer til workshop i e-sport fredag 31. januar.
  • 23. januar 2020 Trygg trening
    Treng du ein ekstra dytt for å kome i gang med regelmessig trening? "Trygg trening" er ei treningsgruppe for deg som vil kome i betre form, men som av ulike årsakar kvir deg til å gå på treningssenter.Vi trener i ein time, éin dag i veka i trygge omgjevnader.
  • 23. januar 2020 Treffpunkt Bjørnafjorden
    Treffpunkt er for barn mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær er død.
Til toppen