Arkiv

Reiser du kollektivt til Bergen på jobb? Du kan parkere på pendlarparkeringa ved Kiwi Idrettsvegen, utan å legge fram oblat eller reisekort hos Skyss.

Bjørnafjorden kommune har svært mykje å by på av både amatørkultur og profesjonell kunst og kultur. Vi feirar den nye og flotte kulturkommunen vår med eit feiande flott festprogram!

 

17. desember 2019 blei det første gebyrregulativet for Bjørnafjorden kommune vedteke. Det medfører nokre endringar i korleis fakturaen for kommunale gebyr ser ut.

Vestland fylkeskommune lyser ut tre tilskotsordningar som har som formål å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar. Kommunar, private verksemder og frivillige organisasjonar kan søkje. Søknadsfrist er 15. mars 2020.

Hugs søknadsfristen 1. mars!

Driftsrekneskapen i det siste året for Os kommune viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på 65,2 mill. kr.

Dei folkevalde skal behandle, mellom anna, folkehelserapporten, områdeplan for Eikelandsosen, Byvekstavtalen og omstillingsprosjektet Bjørnafjorden 22.

Vi ønskjer eit meir aldersvennleg samfunn. For å få det til, treng vi kunnskap om kor og korleis seniorar nyttar ulike område i kommunen i dag. Kva er bra? Kva kan bli betre?

Vi er midt i sesonginfluensaen. I tillegg høyrer vi mykje om det nye koronaviruset frå Kina i media. Dei same råda som gjeld for førebygging av vanleg sesonginfluensa, gjeld òg for førebygging av koronaviruset.

Meteorologisk institutt (Met) varslar om ekstremt høg vasstand (raudt nivå) i Vestland fylke, måndag 10. og tysdag 11. februar

 

Til toppen