10. august: To nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteTo personar i 20-åra som er busette i Bjørnafjorden kommune, har testa positivt for covid-19. Dei to blei smitta i utlandet og er no i isolasjon i heimen.

Assisterande kommuneoverlege Jonas Dale opplyser at smitten er under kontroll. Dei to var del av eit reisefølge. Heile reisefølget er i karantene i påvente av prøvesvar. 
Det er utført smittesporing på alle nærkontaktar, og Folkehelseinstituttet er varsla i samband med smittesporing på fly. 

Dette er dei første smittetilfella i Bjørnafjorden kommune sidan 14. april 2020. Totalt er det no 18 bekrefta smittetilfelle av det nye koronaviruset covid-19 i Bjørnafjorden kommune.

Til toppen