16. september: To nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteTo kvinner i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Begge to har same smittekjelde i Bergen kommune.

Nærkontaktar i Bjørnafjorden er varsla. Begge dei to smitta har vore på jobb på Kiwi Idrettsvegen på Os i perioden frå torsdag 10. september til og med laurdag 13. september. Begge kan ha vore smitteførande i denne perioden.
Vi ber difor personar som har vore i denne butikken i det aktuelle tidsrommet om å vere ekstra merksame på symptom på koronasmitte. Les meir

Til toppen