Bjørnafjorden brann og redning øver på utrykking

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Fire måndagar på rad, mellom klokka 17.30 og 20.30, skal Bjørnafjorden brann og redning trene på utrykkingskøyring. Første øving er i kveld, 29. juni.

Brannmeister Gitle Smaadal opplyser at du vil kunne treffe på utrykkingskøyretøy i heile kommunen, og ber om forståing for at dette er nødvendig øving for mannskapa. På NAF sine sider finn du ei nyttig  oppfrisking av korleis du som medtrafikant skal oppføre deg for å sleppe utrykningskøyretøy effektivt fram og unngå trafikkfarlege situasjonar.

Til toppen