Bli med å utvikle Bjørnafjorden-samfunnet!

Klikk for stort bilete Fem spennande stillingar er ledige innan kommunalområdet Samfunnsutvikling, alle med søknadsfrist 25. mai.
Vi kan love interessante, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver og hyggelege kollegaer. 

Jurist/juridisk rådgjevar

Vi søkjer ein dyktig og engasjert jurist med bransjeerfaring frå plan- og bygningsrett, og som gjerne har prosedert slike saker for retten. Du vil yte juridisk bistand til eit breitt felt innan bygg og anlegg, og du vil arbeide på tvers av heile organisasjonen, andre forvaltningsnivå og privat næringsliv.

Les heile stillingsutlysinga

Rådgjevar areal- og transportplanlegging

Planavdelinga søkjer rådgjevar innan areal- og transportplanlegging. Stillinga inneber tett samhandling med andre avdelingar og kommunalområde, og samarbeid med andre forvaltningsnivå og privat næringsliv.

Les heile stillingsutlysinga

Rådgjevar samfunnsplanlegging

Planavdelinga søkjer engasjert rådgjevar innan samfunnsplanlegging. Stillinga inneber tett samhandling på tvers av organisasjonen, andre forvaltningsnivå og privat næringsliv.

Les heile stillingsutlysinga

Saksbehandlar

Planavdelinga søkjer saksbehandlar for private planar. Du vil vere sentral i arbeid med å tilrettelegge og sikre samhandling på tvers av organisasjonen, i tillegg til andre forvaltningsnivå. Stillinga inneber tett dialog med konsulentar og privat næringsliv for å sikre god framdrift og kvalitet i privat reguleringsarbeid.

Les heile stillingsutlysinga

VA-ingeniør

VA og samferdsel-avdelinga søkjer VA-ingeniør for å styrke kompetanse og kapasitet innan innmåling og vedlikehald av leidningskart for vatn og avløp (VA).

Les heile stillingsutlysinga

Til toppen