Bli sett! Kom innom og få gratis refleks

Klikk for stort bileteAina Haugland og Karin Leirvåg i Kommunetorget har kassevis med refleksar å dele ut. På refleksens dag 15. oktober besøkte Trygg Trafikk Bjørnafjorden kommune og overrekte 1000 refleksar. Refleksbrikkene og -banda står framme i Kommunetorget på Osøyro og ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen, og er heilt gratis.  

Årets Trygg Trafikk-refleks er designa av Vebjørn Sand, inspirert av opplevingar i Antarktis og arbeidet med kunstinstallasjonen Roseslottet. Fest fine pingvinar og lekre roser på jakkar, vesker og bagar, og hugs at sjølv den finaste refleks er til ingen nytte viss han blir liggande i gangen heime eller i ei kommunal korg.
Takk til Trygg Trafikk for flott refleksgåve, og til små og store bjørnafjordingar for at de brukar refleks og blir synlege i trafikken! 

Til toppen