Desse sakene skal opp i kommunestyret i dag

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Dei folkevalde skal behandle, mellom anna, folkehelserapporten, områdeplan for Eikelandsosen, Byvekstavtalen og omstillingsprosjektet Bjørnafjorden 22.

Kommunestyret skal i dag behandle Levekår og helse i Bjørnafjorden kommune, også kalla Folkehelserapporten, som er ein rapport om innbyggarane sin samla helsetilstand, kva som verkar inn på helsa og korleis helse er fordelt blant innbyggarane.

Etter det kjem sak om prosjektet «Leve heile livet», ei samfunnsreform og ei kvalitetsreform for målgruppa eldre over 65 år. Reforma skal bidra til eit meir aldersvenleg samfunn der tilbod og kvalitet på tenestene ikkje skal vere avhengig av kva kommune ein bur i, men eit samfunn kor eldre kan leve gode liv og delta i fellesskapet.

Andre saker som kjem til behandling, er områdeplan for Eikelandsosen, framlegg til Byvekstavtale for Bergensområdet 2019-2029, organisering av omstillingsprosjektet Bjørnafjorden 22, investeringar i Os Idrettspark KF, reguleringsplan for Hjelle B2 og reguleringsplan for Lundestølen.

Sjå sakskartet og alle sakene til behandling

Direktesendinga frå møtet startar klokka 16.

Sjå kommune-TV

Til toppen