Ein stor takk til deg som held Bjørnafjorden smittefritt!

Klikk for stort bilete Ei helsing frå ordførar Trine Lindborg.

Sommarferien er på hell, og nasjonalt ser vi dessverre ein auke i smittetala. Dette er bekymringsfullt og noko vi tar på største alvor.

Vi må halde fram dugnaden, alle mann. Heldigvis er det tydeleg at vi bjørnafjordingar stiller opp på denne spesielle dugnaden. Dei første smittetilfella i kommunen vår på fire månader var smitta i utlandet. Dei to som var smitta gjorde akkurat som dei skulle for å ikkje smitte andre – og dermed førte ikkje dette tilfellet til eit større utbrot i Bjørnafjorden kommune. Smitten blei stansa og kan ikkje spreie seg vidare til andre.

Følg smittevernråda!

Og det er nettopp det vi skal halde fram å gjere. Vi skal hindre koronaviruset i å spreie seg. Det gjer vi ved å halde fram med å følgje smittevernråda:

Hald avstand, vask hendene godt og ofte, hald deg heime dersom du ikkje er heilt frisk. Trur du at du kan vere smitta, test deg. Medan du ventar på testresultatet, skal du halde deg i karantene.

Her kan du lese meir om testing og annan koronarelatert informasjon for Bjørnafjorden.

Dette gjeld oss alle

Målet med dugnaden er å beskytte dei som står i fare for å bli alvorleg sjuke om dei skulle bli smitta av koronaviruset, og samstundes syte for at helsevesenet vårt har kapasitet til å ta seg av alle som treng det, uavhengig av diagnose. Det er alvor, og det gjeld oss alle.

Vi ønskjer ikkje å stenge samfunnet att. Vi vil halde skulane og barnehagane opne, la barn og unge få drive med fritidsaktivitetar, halde næringslivet i gang og framleis kunne ta imot besøk på sjukeheimane våre. Då vi halde fram å vere like flinke som vi har vore til no.

Gjer det med eit smil!

Ta vare på deg sjølv. Det er ikkje alt som er lurt sjølv om det er lov.
Det er òg greitt å minne andre på at det er lov å bruke hovudet. Men kanskje vi skal prøve å gjere det med eit smil?

Beste helsing

Trine Lindborg

Ordførar i Bjørnafjorden kommune

Til toppen