Endeleg "Full pakke" i Fjorden arena igjen!

Klikk for stort bileteEtter ei ufrivillig pause, startar Fjorden arena i Eikelandsosen opp igjen med "Full pakke" - ope hus på tysdagskveldar mellom klokka 17 og 20. Her kan du spele, trene, prate og hygge deg saman med andre.

Her kan du spele badminton, handball, volleyball eller innebandy i salane eller PlayStation på storskjerm i eitt av romma i andre etasje. Ulike brettspel er òg tilgjengelege.
Har du lyst til å trene zumba, dans, styrke, aerobics eller ei anna treningsform? Fjorden arena viser gode instruksjonsvideoar på storskjerm, du tar med deg eiga matte og eventuelt anna utstyr du treng.

Ulike lag og organisasjonar arrangerer i tillegg eigne aktivitetar, slik at innhaldet vil variere frå veke til veke. Det kan bety dansekurs, strikkekveldar, bingo, sjakk, bridge eller noko heilt anna.

Les meir om Full pakke på Fjorden arena

Til toppen