Er du 65+? Fortel oss kva som er viktig for deg!

Klikk for stort bileteKan du hjelpe oss ved å svare på denne spørjeundersøkinga? Det tar om lag 10 minutt og gir oss verdifull kunnskap i arbeidet med å gjere det endå betre å vere eldre i Bjørnafjorden.

Svar på undersøkinga

Kva er viktig for deg når det gjeld å utvikle eit aldersvennleg samfunn, aktivitet og fellesskap, ernæring og matglede, helsehjelp og samanheng i dei kommunale tenestene?

Dette er nemleg dei fem innsatsområda i Leve heile livet-reforma. Målet for reforma er at alle eldre skal få betre hjelp og støtte til å mestre livet, både du som bur heime og du som bur på institusjon.
Leve heile livet handlar om å sikre ein god og trygg alderdom, samtidig som ein får den helsehjelpa ein treng når ein har behov for det. Reforma handlar også om å skape eit samfunn kor eldre kan delta i fellesskapet, medverke og bruke sine ressursar.  Det er ikkje berre ei eldrereform, men også ei samfunnsreform som myndigheitene ønskjer at kommunane skal ta inn i sine planverk.

For at vi skal lage gode og målretta planar, må vi først vite korleis det står til. Korleis har du det? Kva ønskjer du? Kva er viktig for deg? 

Ved å svare på denne spørjeundersøkinga gir du oss som jobbar med eldreomsorg, samfunnsplanlegging og dei folkevalde i Bjørnafjorden kommune verdifull kunnskap som vi lovar å bruke til det beste for deg og andre eldre i kommunen vår.

Pårørande kan òg svare på undersøkinga.

Tusen takk for hjelpa!

Ønskjer du spørreundersøkinga på papir?
Ta kontakt med Bjørg A. Sjøbø,  tryggleikssjukepleiar og prosjektleiar for Leve heile livet-reforma i Bjørnafjorden kommune på telefon 900 12 091 eller e-post 

Kontakt

Bjørg Aspenes Sjøbø
Telefon: 56 57 50 00
Mobil: 900 12 091
Til toppen