Er du ein samlande leiar med erfaring frå kommunale helsetenester?

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Bjørnafjorden kommune søkjer einingsleiar til Luranetunet bu- og behandlingssenter.

Den nye einingsleiaren skal saman med dei dyktige medarbeidarane våre sikre innbyggarane i Bjørnafjorden kommune tenester av høg kvalitet ved Luranetunet bu- og behandlingssenter.
Gjennom synleg og trygg leiing, vil du legge til rette for god samhandling på tvers av organisasjonen og ha fokus på å ta ut potensialet i den høge kompetansen som er i eininga. Du vil sikre god dialog på alle nivå i organisasjonen og bidra til eit godt og utviklande arbeidsmiljø.  
Stillinga rapporterer til fagsjef for pleie og omsorg. Du vil òg vere ein del av den utvida leiargruppa til kommunalsjef for helse og velferd i Bjørnafjorden kommune.

Les meir og søk her 

Til toppen