Eta! Temadagar om mat, kropp og sjel våren 2020

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Eta! er namnet på ei rekke temadagar om kosthald og helse, i regi av Friskliv og meistring. 
Kom og få konkrete tips og råd for å førebygge og halde sjukdom i sjakk, og auke livskvaliteten din.
 

Seks torsdagar frametter våren, klokka 12.30-15.00 på Osbadet, vil klinisk ernæringsfysiolog i Bjørnafjorden kommune, Ingvild Marienborg, Friskliv og meistring-leiar Karen Hope Nilsen og spesialistar frå ulike helseteam i kommunen gi råd og tips om kva og korleis du bør ete for å førebygge eller halde i sjakk livsstilsjukdom og -plagar.

Eta! Program våren 2020

  • 6. februar: Kols & kosthald
    Kom og lær kor viktig det er med eit rett og godt kosthald for deg som har kols! Få konkrete, smarte råd om korleis du kan handtere ernæringsmessige utfordringar som følgje av sjukdomen. Når du et betre, betrar du òg prognosen og livskvaliteten din!
  • 20. februar: Slik blir du din eigen støttespelar
    Vi veit stort sett alle kva som skal til for å leve sunt. Det burde jo vere enkelt å ete rett, ete mindre og bevege seg meir? Kvifor er det då så vanskeleg å halde på dei gode vanane over tid?
  • 5. mars: Et av hjartans lyst
    Kva er eigentleg hjartevennleg mat? 
  • 12. mars: Tips og triks til deg som har diabetes
    Kom og få kost- og livsstilsråd som betrar livskvaliteten og hindrar følgjesjukdom.
  • 26. mars: Program ikkje fastsett

Gratis inngang.

Meir informasjon og påmelding her

Til toppen