Får du SMS-varsel frå kommunen?

Varsling24

Når det oppstår noko med for eksempel vatnet ditt eller kloakken din, får du eit varsel på sms frå kommunen du bur i. 
Dessverre når vi ikkje alle innbyggarane våre via sms. Du kan sjølv bidra til at du får slike varsel. Det er god eigenberedskap.

Kommunen sender òg ut sms-varsel når kommunale veger er stengde. Har du fått slike varsel frå kommunen?

Får du ikkje varsel?

Dersom du ikkje får varsel, kan det vera ulike årsaker til det, for eksempel:

  • du har jobbtelefon som er registrert på arbeidsgivar
  • du har hemmeleg telefonnummer
  • du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon
  • du har nyleg flytta eller bur midlertidig på anna adresse

Gå inn på nettsida varslemeg.no. Her kan du sjekka kva opplysningar som er registrerte på deg i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. Vår varslingsordning hentar informasjon for privatpersonar derifå. Du kan òg endra di eiga oppføring eller legga deg til, dersom du ikkje er registrert.

Er telefonen din registrert på arbeidsgivar? Då må du kople dette telefonnummeret til adressa di, dersom du ønsker varsling på den telefonen også.

Varsling til bedrifter

For varsling til bedrifter blir telefonnummer henta frå Enhetsregisteret. Ofte er det bedrifta sitt sentralbord som er registrert.

Vi anbefaler å legga til ekstra nummer til kontaktpersonar i bedrifta.