Framleis besøksforbod til pleie- og omsorgsinstitusjonane våre

Klikk for stort bilete Illustrasjon: Lisa Aisato I samråd med føringar frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen, er det nødvendig å oppretthalde restriksjonane ved pleie- og omsorgsinstitusjonane våre for å førebygge smitte av det nye koronaviruset. Dette betyr at det framleis er besøksforbod til Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter. Vi har òg innført nokre retningslinjer for gåver til bebuarane. Restriksjonane er førebels forlenga til 13. april.

Vi gjer dette fordi eldre og sjuke er i risikogruppa for koronaviruset.

Vi forstår veldig godt at det kan kjennest vondt og vanskeleg å ikkje få vere saman med eller besøke dei ein er glad i. Vi håpar òg at de forstår at restriksjonane er innførte for å beskytte bebuarane våre og dei tilsette mot potensielt livsfarleg smitte.
Di meir vi alle gjer for å hindre smittespreiing, di raskare vil vi kome tilbake til normalen. Vi gjer unntak for besøk i heilt spesielle tilfelle. Ta i så fall kontakt med avdelinga, slik at vi kan gjere nødvendige smitteverntiltak.

Gåver til bebuarane

Koronavirus kan overleve i lang tid på ulike overflater. For å hindre eventuell smittespreiing via gåver til bebuarane, gjeld følgjande retningslinjer dersom du ønskjer å gi ei gåve til ein bebuar:

  • Gåver må leverast i resepsjonen måndag til fredag, kl. 8-15. Gåvene må leverast i pose og merkast med mottakaren sitt namn og avdeling + dato.
  • Varer/gåver som ikkje kan overflatedesinfiserast, må tåle å stå i karantene 4 dagar, før dei blir leverte til mottakaren. Dette gjeld til dømes klede, strikketøy, aviser, vekeblad og blomar.

Smitteavdeling

Sjukeheimsbebuarar som får påvist korona, skal som hovudregel behandlast i kommunen. Vi har god kompetanse på smittevern og lindrande behandling. Førebels har vi ingen sjukeheimsbebuarar med covid-19, men for å vere føre var har vi etablert ei eiga avdeling kor vi kan ivareta pasientar med koronasmitte. Smitteavdelinga ligg i den tidlegare sjukeheimen på Os, med eige personale og ingen andre pasientar.

Karantenereglar

Pasientar som kjem til Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter, anten frå eigen heim eller frå sjukehus, skal vere i karantene på rommet sitt i 14 dagar. Bebuarar/pasientar som har symptom på forkjøling, skal vere i karantene på rommet sitt til ein dag etter at dei ikkje har symptom lengre.

Har du spørsmål? Ta kontakt med den aktuelle avdelinga.

Takk for at de viser omsyn og er tolmodige!

Sjå bjornafjorden.kommune.no/koronavirus for informasjon om lokale forhold og tilbod.
Sjå helsenorge.no/koronavirus for oppdatert nasjonal informasjon og råd for å hindre smittespreiing.

Til toppen