Har du registrert slamavskiljaren på hytta?

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Må du bruke båt for å få tømt slamavskiljaren i fritidsbustaden din? Hugs å registrere slamavskiljaren hos Samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune innan 16. juli. Viss du alt står på den kommunale tømmelista, treng du ikkje gjere noko. 

Det er eit krav i forureiningslova at slamavskiljarar skal vere på kommunal tømmeliste. Når slamavskiljaren er registrert hos oss, blir dessutan tømminga billegare for deg enn om du bestiller direkte frå Norva24, som utfører tømminga for Bjørnafjorden kommune.  

Slik går du fram

Send ein e-post til mbkj@bjornafjorden.kommune.no med namn, adresse og gards- og bruksnummer. Ta med type anlegg og storleiken på anlegget, dersom du veit det. 
Norva24 treng òg å vite kvar på eigedommen anlegget er plassert. Dette markerer du på kart. Logg deg på den digitale tenesta Min eigedom. Der finn du kart over eigedommen din. Ta skjermknips av kartet, marker kvar anlegget er plassert, og send kartet som vedlegg i e-posten. 

Har du spørsmål?

Send oss ein e-post, eller ring 95433024. Vi har stor pågang på telefon. Viss du ikkje kjem gjennom, ringer vi deg opp igjen. 

Til toppen