Helsing frå skulesjefen: Velkommen til skulestart!

Klikk for stort bilete- Gode minne frå ferien er viktige å ta vare på. Gøym minna i hjartet ditt, ta dei fram når haustkvelden kjem og det er mørkt og kaldt, skriv fagsjef for skulane i Bjørnafjorden, Janne Eik. Simen Soltvedt   No er sommarferien over og det er klart for eit nytt skuleår. I følgje trafikklysmodellen til Udir, er Noreg på gult nivå. Det vil seia at vi vil ha fokus på reinhald på skulen og vask av hender. Det vil vera veldig likt som då vi avslutta i juni.

Til deg som er elev: Gode minne frå ferien er viktige å ta vare på. Gøym minna i hjartet ditt, ta dei fram når haustkvelden kjem og det er mørkt og kaldt. Dette skuleåret vil eg at du skal dela eit smil, så vil du få eit tilbake. Du vil møta trygge vaksne som skal gjera sitt beste for at dagen din blir god. Hugs at akkurat du er viktig for eit godt skulemiljø!

Til deg som er føresett: Takk for jobben og støtta med arbeidet knytt til smittevern i vår. Vi treng å jobba saman for å oppretthalda lågt smittenivå i Bjørnafjorden kommune.

Vi ønskjer ein god start for alle elevar, og god dialog og samarbeid med heimen. 

Klikk for stort bileteJanne Eik er nytilsett som fagsjef skule i Bjørnafjorden kommune. Os og Fusaposten Til deg som er tilsett i skulen:  Lukke til med starten av dette skuleåret! Det er alltid hektisk aktivitet dagane før skulestart, og eg veit at de jobbar iherdig for at starten skal bli så god som mogleg for alle. Lukke til med ny læreplan - hugs at vi ikkje skal hasta oss inn i han, men reflektera og endra undervisninga saman.

Vennleg helsing Janne Eik, fagsjef skule i Bjørnafjorden kommune

Til toppen