Hiv deg på sykkelen!

Klikk for stort bileteArne-Richard Stadaas frå planavdelinga inviterer til sykkelaktivitetar framfor Bjørnafjorden rådhus på fredag. Onsdag startar den europeiske mobilitetsveka. I år deltar meir enn 2300 byar og tettstader, og Bjørnafjorden kommune er med. Årets tema er "utsleppsfri mobilitet for alle". Fredag 18. september frå klokka 13 til 15 blir det sykkelaktivtitetar på Osøyro for alle som vil, og tilbod om gratis sykkelservice fram til klokka 17. Både dette arrangementet og arbeidet med sykkelløftet i Bjørnafjorden er mogeleg fordi vi no er er del av Byvekstavtalen, som det følger midlar med. 

 

Gratis sykkelservice, hinderløype og spørjekonkurranse

Treng sykkelen din litt omsorg? Ta han med til Osøyro mellom klokka 13 og 17 på fredag. Då tilbyd Miljøløftet ein kjapp, gratis sykkelservice. Dessutan stiller Bjørnafjorden kommune med ein uhøgtideleg spørjekonkurranse, og alle som har lyst kan prøve seg på ei kort hinderløype for sykkel. Alle som deltar i spørjekonkurransen eller hinderløypa, får ein liten premie.

Kommunen set stor pris på at bjørnafjordingar som har høve til det brukar sykkel som framkomstmiddel. På fredag vil vi gjerne gjere litt ekstra stas på syklistane. Forhåpentleg har nokon av dei tid til å stoppe ei lita stund, så vi kan intervjue dei og gi dei ein liten oppmerksomhet.

Har du prøvd el-sykkel?

Bjørnafjorden kommune har nettopp starta arbeidet med å rullere sykkelstrategien for kommunen. Tema i strategien er blant anna mikromobilitet. Framfor Rådhuset på fredag klokka 13-15 kan du ta deg ein liten prøvetur på el-sykkel. 
Alle er velkomne! Vi kjem sjølvsagt til å følge gjeldande smittevernreglar til punkt og prikke. 

Til toppen