Hugs smittevernreglane!

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden har ei viktig melding til oss alle: ver nøye med smittevernrutinane!

Sist veke blei det påvist fleire nye tilfelle av Covid-19 i nabokommunen vår, Bergen, nokre av dei med ukjend smitteveg. Det er ei påminning om at koronasmitten ikkje har tatt sommarferie, og at vi ikkje må gløyme dei gode vanane vi la oss til i vår.

Oppskrifta er som før 

  • Vask hendene ofte 
  • Hald minst ein meters avstand til folk du ikkje bur saman med 
  • Bli heime viss du har symptom på luftvegssjukdom.

Har du symptom, og lurer på om du bør testast? Ta kontakt med fastlegen din.
Du finn meir informasjon om korona og smittevern hos Folkehelseinstituttet og på helsenorge.no

Takk for at du bidrar til å hindre smittespreiing! 

Til toppen