Informasjon om besøk til sjukeheimane våre

Klikk for stort bilete

For å ha kontroll på smittevernet, må sjukeheimane ha nokre retningslinjer ved besøk. Gjester må avtale besøk med avdelinga på førehand, setje seg inn retningslinjene og følgje smittevernråda under heile besøket.

NB! Har du vore utanlands eller i område i Noreg med lokale smitteutbrot av koronavirus vil vi på det sterkaste oppmode deg til å utsetje besøk på sjukeheimen til 10 dagar etter heimkomst. For tida gjeld dette òg viss du har vore i Bergen kommune. Merk at du må følge denne ti-dagarsregelen sjølv om du ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon. 

Retningslinjer for besøk til sjukeheimane

  • Fram til og med 29. september kan berre dei næraste pårørande besøke bebuarane på sjukeheimane våre. 
  • Det vil vere besøkstider ved institusjonane. Ring avdelinga for informasjon og for å avtale besøk.
  • Maksimalt to besøkande per besøk innandørs, slik at det er mogleg å oppretthalde anbefalt avstand (1 meter).
  • Besøkande må følgje gjeldande rutinar og smittevernråd.
  • Personar med sannsynleg covid-19-smitte kan ikkje komme på besøk til sjukeheimane. Det same gjeld personar i heimekarantene og personar med symptom på luftvegsinfeksjon. Sjølv ved milde symptom, skal du halde deg heime.

Sjå kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane ved Luranetunet bu- og behandlingssenter.

Sjå kontaktinformasjon til Fusa og bu- og behandlingssenter.

Under besøket:

  • Alle besøkande må vaske hendene grundig med såpe og vatn/desinfeksjonsmiddel, også ved besøk utandørs.
  • Besøkande skal gå direkte til og frå rommet, og ikkje opphalde seg i fellesareal.
  • Besøkande skal om mogleg halde minst 1 meters avstand til den dei besøker, tilsette og andre bebuarar.
  • Bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande under besøket.
  • Besøkande som seinare blir testa for covid-19, skal opplyse om at dei har vore på besøk på sjukeheimen, som ein del av smittesporinga.
Til toppen