Informasjon om foreldrebetaling i SFO og barnehage

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Bjørnafjorden kommune ber alle foreldre i våre kommunale barnehagar og SFO om å betale tilsendt faktura for mars månad. I april sender vi ikkje ut faktura.  

For å hindre smitte av koronaviruset har barnehagar og SFO vore stengt frå fredag 13. mars. Regjeringa har bestemt at stenginga varer til etter påske, til og med 2. påskedag 13. april. 

Føresette skal ikkje betale for ei teneste dei ikkje får. Bjørnafjorden kommune kjem difor ikkje til å sende ut faktura for april månad. Den summen du har betalt for mykje i mars månad dekkjer barnehage og SFO for siste del av april.

Neste faktura for barnehage og SFO blir altså for mai månad. Fakturaen blir sendt ut i slutten av april, med betalingsfrist i slutten av mai.  

Til toppen