Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Informasjon om tiltak i kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteKommuneleiinga i Bjørnafjorden følgjer råda frå nasjonale helsemyndigheiter, og innfører restriksjonar og tiltak for å førebygge smitte av det nye koronaviruset til innbyggarane i Bjørnafjorden.

Tiltaka gjeld førebels fram til 13. april.

Vedtaka er fatta med heimel i smittevernlova § 4-1.

Kommunen er open, sjølv om bygga er stengte

Ring 56 57 50 00 eller send e-post til post@bjornafjorden.kommune.no for kontakt med kommunen.
Publikumsmottaket i Kommunetorget i Bjørnafjorden rådhus og Kommunetunet i Eikelandsosen held stengt. 

Kommunale tenester og tilbod i koronaperioden

Barneverntenesta

Barneverntenesta har ein akuttfunksjon overfor barn og unge som har behov for nødvendig hjelp. For å kunne ivareta denne funksjonen og sikre at vi har nok personale til å handtere akutte situasjonar, vil barneverntenesta nedprioritere nokre oppgåver i dei neste vekene. 

Familiar/samarbeidspartnarar i kontakt med barneverntenesta vil merke at det blir begrensa fysiske møtepunkt i ein periode framover. Kontakten vil i hovudsak skje via telefonmøte/brev. Ved fysiske møtepunkt vil familiane bli kontakta i forkant for å avklare risiko for smitte. Dersom det blir fysiske møte i barneverntenesta sine lokalar, må alle følgje reglar for god smittevernhygiene.

Barneverntenesta ber dei som har behov for kontakt om først å ringe kontaktpersonen. Om du ikkje får kontakt, ring dagvaktstelefonen på tlf. 901 82 850, kl. 08.00-15.30. Ettermiddag og helg kan du ringe barnevernvakta i Bergen på tlf. 55 36 11 80.

Er du bekymra for eit barn?
Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at barn som i utgangspunktet ikkje har det så godt heime, er endå meir sårbare enn vanleg.

Er du bekymra for at eit barn treng akutt hjelp?
Vi er i beredskap heile døgnet.

Ta kontakt med barneverntenesta i Bjørnafjorden på telefon 901 82 850 (kl. 8-15.30). Ettermiddag, kveld og helg, ring telefon 55 36 11 80. Du kan òg sende e-post til postmottakbarnevern@bjornafjorden.kommune.no

Besøk til sjukeheimar, avlastingssenter og andre sårbare grupper

For å førebygge spreiing av det nye koronaviruset til risikogrupper, har kommuneleiinga vedtatt å innføre besøksforbod ved Luranetunet bu- og behandlingssenter, Fusa bu- og behandlingssenter og Varafjell avlastningssenter.

Det kan gjerast unntak for besøk i heilt spesielle tilfelle. Ta i så fall kontakt med avdelinga.

Campingplassar og bubilparkering

Alle campingplassar og bubilparkeringar i Bjørnafjorden kommune er stengte inntil vidare.  

Feiing og tilsyn

Vi utset tilsyn i bustad og fritidsbustad for å førebygge smittespreiing.

Vi vil utføre utvendig feiing av skorsteinsløpet frå tak, og sende ut varsel på SMS og e-post, som vanleg. Feiaren vil vurdere behovet for feiing utifrå sotmengde. Eigar må sjølv syte for å fjerne sot som er tatt ut av sotluke etter utført feiing. Feiarane vil følge smittevernråd, halde avstand og ikkje handhelse. Feiarane er uniformerte og kjem i uniformert bil.

Brann og redning er ein kritisk samfunnsfunksjon. Vi ønskjer å avgrense smittefaren og risikoen for spreiing av viruset på brannstasjonen. Dersom du er i heimekarantene eller er smitta/mistenker smitte og får varsel om feiing,  du gi oss beskjed om dette.

Friskliv og meistring

All gruppeaktivitet i regi av Friskliv og meistring Bjørnafjorden er innstilt. Inntil vidare anbefalar dei energisk og enkel pausetrim med Kristin og Silje.

Bli med i den offentlege Facebook-gruppa til Friskliv og meistring Bjørnafjorden. Her får du tips, oppmuntring og kloke ord.

Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio- og ergoterapitenesta tar ikkje pasientbehandling, bortsett frå heilt nødvendig behandling og rehabilitering etter alvorleg sjukdom for å oppretthalde viktig funksjon som elles vil gå tapt. I slike tilfelle, skal smitteverntiltak sikre både behandlar og pasient frå smitte, og førebygge vidare smitte til befolkninga. Tenesta er tilgjengeleg på tlf. 56 57 55 85

Dei private fysioterapeutane med kommunal avtale har etter pålegg frå Helsedirektoratet stengt frå og med 16. mars til og med 26. mars, med mogleg forlenging.

Her finn du kontaktinfo til private fysioterapeutar med kommunal driftsavtale.

Handlehjelp

Er du isolert i heimen eller i heimekarantene, utan moglegheit til å få andre til å levere mat eller medisinar til deg eller familien din på ein trygg måte? Mange frivillige har registrert seg og er klare til å hjelpe!
Bjørnafjorden kommune har oppretta Koronahjelp i Bjørnafjorden. Her kan du melde inn kva du treng hjelp til.  

Du kan òg ringe kommunen for praktisk hjelp: 

  • Os-sida: Telefon 916 72 910
  • Fusa-sida: Telefon 56 58 01 14
Heimesjukepleie og heimehjelp

For å omdirigere helsepersonell til andre og meir presserande pleieoppgåver i kjølvatnet av koronautbrotet, gjer Heimebaserte tenester endringar i tilbodet på begge sider av fjorden.

Heimehjelp (t.d. golvvask, støvsuging og anna husarbeid) blir i hovudsak avvikla, men vi tar individuelle omsyn.

Heimesjukepleia vil sjølvsagt halde fram å gi nødvendig helsehjelp, men vi ber pårørande om å overta lette omsorgsoppgåver og gi praktisk hjelp når dette er mogleg - dømes å ta av og på støttestrømper, lage mat og gjere husarbeid. 
Vi ber òg pårørande om å "ha tilsyn" med sine nære, anten på telefon eller ved å stikke innom for å sjå at alt er greitt.

Brukarar og pårørande blir kontakta, og vi gjer individuelle avtalar for kvar enkelt tenestemottakar. Ingen skal oppleve å miste tilbod utan at heimetenestene og tenestemottakar/pårørande saman har lagt ein plan for tilbodet i denne perioden.

Viktig: Dersom du som er pårørande er i heimekarantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, er det viktig at du ikkje besøker nokon som anten er i risikogruppa for koronaviruset eller sjølv er i karantene.

Helsestasjon for barn

Helsedirektoratet har lagt nye føringar for helsestasjonsdrift under koronautbrotet. Bjørnafjorden helsestasjon reduserer difor faste konsultasjonar ytterlegare. Tiltaka er innført for å beskytta dei mest sårbare i befolkninga mot koronasmitte. Helsesjukepleiar kjem ikkje lenger på heimebesøk til familiar med nyfødde. Du blir kontakta på telefon. 
Helsestasjonen følger vaksinasjonsprogrammet, det blir altså konsultasjonar som vanleg for desse aldersgruppene:

  • 6 veker
  • 3 månader
  • 5 månader
  • 1 år
  • 15 månader

Søsken skal ikkje vera med på helsestasjonen.  

Helsestasjonen legg opp til at så få som mogeleg skal vere samtidig på venterommet. Fint om alle kjem presis til avtalar, og ikkje for tidleg. Ved behov for kontakt utover dette, ta kontakt med helsestasjonen på telefon 56575171.

Du skal ikkje kome til helsestasjonen dersom du eller andre i hushaldet ditt har fått påvist koronasmitte, eller har symptom som feber, sår hals og hoste. Kontakt oss på telefon.

På Osøyro helsestasjon er døra inn til helsestasjonen låst.  Dei som har avtale, blir henta av helsesjukepleiar. 

På Eikelandsosen helsestasjon er døra til venterommet åpen mellom 08.00-15.00. Dei som har avtale blir ikkje sitjande på venterommet, men blir tatt inn med ein gong dei kjem. 

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er stengt inntil vidare. Ungdom som treng kontakt, kan ringe tlf. 957 85 736.

Helsesjukepleiar svarar ungdom på Snapchat

Helsesjukepleiar ved Os vidaregåande skule, Jannicke Kvant Rogde, har det siste året svart på spørsmål frå elevane sine på Snapchat, under kontoen Helsepling. Nå opnar ho for spørsmål frå unge på alle ungdoms- og vidaregåande skular i Bjørnafjorden. Berre legg til Helsepling på Snapchat.

 

Hytter og fritidseigedommar

Frå 19. mars er det forbode å overnatte på fritidseigedommar i annan kommune enn der du er folkeregistrert. Den nye nasjonale forskrifta opnar for at dersom ein person i husstanden er i isolasjon på grunn av bekrefta smitte av koronavirus, kan husstandsmedlemmer opphalde seg på fritidseigedommen for å unngå at dei blir smitta. 
Heile forskriften kan du sjå hos Lovdata, det som gjeld opphald på fritidseigedom finn du i § 5. 

Jordmortenester

Er du gravid og har time hos jordmor på nærjordmorsenteret Osøyro eller Eikelandsosen, skal du kome som avtalt dersom du ikkje har fått melding om noko anna. Du må kome aleine. Dørene på rådhuset er stengt, og jordmor må sleppe deg inn. Ring 468 27 754 når du kjem.

Du skal ikkje kome til nærjordmorsenteret dersom du eller andre i hushaldet ditt har fått påvist koronasmitte, eller har 
symptom som feber, sår hals og hoste. Kontakt oss på 468 27 754.

Grunna beredskapskapasitet, kan vi diverre ikkje gi deg som er tidleg i svangerskapet fyrste time hos jordmor no. For spørsmål om dette og anna relatert til foreståande fødsel: Ring 480 69 390

Barselkvinner som skal ha kontroll av den nyfødde etter at dei er komne heim frå sjukehuset, blir kontakta av jordmor og får avtalt time fyrste kvardag etter heimkomst. Sjå info på  jordmortenesta si nettside.
Du må kome på nærjordmorsenteret åleine med barnet ditt, ledsager kan følge til døra.

Kolst-, kreft- diabetesteam

Ressursteama gjer ikkje heimebesøk for å redusere smitterisiko, men er tilgjengelege for råd, veiledning og spørsmål på telefon.

  • Diabetesteam: 906 78 912
  • Kolsteam: 916 72 069
  • Kreftteam (tysdag og onsdag): 970 57 689
Kreftkoordinator

Du kan ringe kreftkoordinator for samtale, telefon 469 22 958 eller sende e-post.  Dette gjeld også dine næraste pårørande, inkludert barn.
Sjå informasjon om korona og kreft:
10 spørsmål og svar om korona og kreft (Kreftforeningen.no)

Risikogrupper for koronaviruset (Helsenorge.no)

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering i heimane blir ikkje gitt for å redusere smitterisiko.Tenesta er tilgjengeleg på tlf. 415 21 867

Lokale kulturarrangement og -aktivitetar
  • Oseana kunst- og kultursenter held stengt for publikumsarrangement fram til 1. april.
  • Alle kommunale idrettshallar og -lokalar stenger  for trening, samling, kampar, øving og andre aktivitetar fram til 1. april. Utandørsaktivitetar kan føregå som normalt, men vi oppmodar til å unngå store folkesamlingar. 
  • Svømmehallar, både kommunale og private, er stengt.
  • Lag og organisasjonar må vurdere om det er nødvendig å gjennomføre treningar, møte, kurs og andre samlingar i tidsrommet fram til 1. april
  • Vi oppmodar butikkar og næringslivet elles til å styrke reinhaldet og legge til rette for god smittevernhygiene.
  • Biblioteka i Bjørnafjorden held stengt frå og med 12. mars.
  • All gruppeundervisning i Bjørnafjorden kulturskule er avlyst. Elevar får informasjon om individuell nettundervisning frå læraren sin.
Mekling ved samlivsbrot

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har bestemt at alle familievernkontor skal vere stengt frå fredag 13. mars for å bidra til å hindre spreiing av koronaviruset. 

Regjeringa oppdaterte reglane 26. mars, og foreldre er no gitt fritak frå møteplikt til obligatorisk meklingstime. Foreldre får meklingsattest utan frammøte, og får tilsendt informasjonsbrev med tilbod om rådgjeving på eit seinare tidspunkt når smittevernrestriksjonane er oppheva. Meklar ringer til den andre forelderen som ikkje har bestilt mekling og informerer om at mekling er bestilt, og kvifor meklingsattest vil bli tilsendt med vanleg eller digitalt brev.
Her kan du lese meir om reglane for obligatorisk mekling ved samlivsbrot.  

Skjema for å bestille mekling finn du her. 

 

NAV

NAV Bjørnafjorden stenger publikumsmottaket frå og med fredag 13. mars.

Du kan sende inn digitale søknadar via nav.no, eller til post@bjornafjorden.kommune.no og ringe tlf. 55 55 33 33.

NAV Bjørnafjorden vil så langt det lar seg gjere gjennomføre dialog med brukarar og samarbeidspartar via telefon og video.

Politiske møte

Grunna nye restriksjonar og retningslinjer frå Folkehelseinstituttet FHI, vel Bjørnafjorden kommune å utsette eller avlyse møte i folkevalde organ dei nærmaste vekene. Det inneber at følgande møte av avlyst:

  • formannskapet 17. mars
  • strategisamling Lyseparken 18. mars
  • ekstramøte i kommunestyret 18. mars
  • arbeidsmøte i PBU 19. mars
  • kontrollutvalet 19. mars
  • administrasjonsutvalet 24. mars
  • ungdomsrådet 30. mars

Bjørnafjorden kommune oppmodar andre sekretariat til å avlyse eller utsetje sine møte og ber om at andre møte i tilknyting til avvikling av møte i folkevalde organ også blir avlyst. Vi kjem tilbake med nytt tidspunkt for desse møta.

Kommuneleiinga innfører restriksjonar for interne møte som involverer mange, og spesielt tilreisande frå andre kommunar.

Psykisk helse- og rustenester

Utdeling av LAR-medisinar
Vartun deler framleis ut LAR medisinar, endra henteordningar kan førekome.
Brukarar som har fast utlevering av medisinar heime vil framleis få medisinane sine heime som før. Vi følgjer gjeldande råd for å førebygge smittespreiiing.

Nødvendig helse- og omsorgstenester
På grunn av at skular og barnehagar stenger og at tilsette kan bli sett i karantene, er det innført redusert tenestetilbod. Alle som har avtale om administrering av medisinar vil få medisinane sine.
Bebuarar ved Vartun, Stegen og Grantun bufellesskap vil framleis få oppfølging, men smitteførebyggjande tiltak blir gjennomført.
Vi vil ikkje ha høve til å køyre bebuarar/brukarar i bil med mindre det er heilt nødvendig.
Ved fare for liv og helse, vil vi varsle fastlege, legevakt eller spesialisthelseteneste.

Støttesamtale
Kontaktpersonar du har i psykisk helse- og rustenester vil tilby deg samtale per telefon.

Psykologteneste
Behandlar vil tilby deg samtale per telefon.

Ruskonsulent
Ruskonsulent vil tilby deg samtale per telefon.

Drop-in ruspsykolog
Ruspsykolog tilbyr samtale per telefon. Du kan avtale telefonsamtale også utanom den oppsette drop-in-tida. Send melding eller ring tlf. 951 51 771 (8-15.30, måndag-fredag). 

Dagtilbod

  • Dagtilbodet Kontakto er stengt
  • Dagtilbodet Fjordtreff er stengt
  • Lågterskeltilbodet Baksio er stengt

Brukarar av dagtilboda kan få samtale per telefon med sine kontaktpersonar.

Mat
Det vil ikkje bli servert mat i perioden tiltaka gjeld.

Hygiene og reinhald
Vi vil i tida framover ha stort fokus på god hygiene og reinhald i alle fellesområde i bufellesskapa. Vi følgjer gjeldande råd for å førebygge smittespreiing.

Brukarutstyr
Brukarutstyr vil bli utdelt på vanleg måte ved Vartun. Brukarar må vente på utsida medan personalet hentar utstyr.

Skular, barnehagar og SFO

Alle barnehagar og barne- og ungdomsskular stenger frå og med fredag 13. mars. SFO vil òg vere stengt. Vidaregåande skular stenger òg.

Foreldre slepp å betale for opphald i barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt på grunn av koronautbrotet. Betaling for kommunale barnehagar og SFO blir trekt frå neste faktura. Dersom du har barn i ein privat barnehage, må du ta kontakt med barnehagen for informasjon om korleis tilbakebetalinga skal skje.

Vi ber om at alle som har fått tilsendt faktura for mars med betalingsfrist 31. mars betaler denne som normalt. Refusjon for den tida barnehagen og SFO er stengt, blir trekt frå på april-fakturaen. Dersom stenginga blir forlenga, trekkjer vi frå refusjonen for stengt periode på fakturaen for mai.

Betalingsfritaket gjeld òg for dei foreldra som i denne perioden får tilbod om å ha barna sine i barnehage eller SFO anten fordi dei utfører samfunnskritisk arbeid eller av andre årsaker.
Dersom du får betalingsproblem på grunn av permitteringar eller liknande, kan du kontakte oss på innfordring@bjornafjorden.kommune.no, så vil vi prøve å finne ei løysing.

 
Skulehelsetenesta

Så lenge skulane i Bjørnafjorden kommune er stengde, vil det ikkje bli gitt skulehelseteneste der. Det betyr at alle avtaler på skulane går ut. Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på telefon for elevar og foreldre som treng kontakt. Sjå oversikt for kontaktinformasjon.

Helsesjukepleiar svarar ungdom på Snapchat

Helsesjukepleiar ved Os vidaregåande skule, Jannicke Kvant Rogde, har det siste året svart på spørsmål frå elevane sine på Snapchat, under kontoen Helsepling. Nå opnar ho for spørsmål frå unge på alle ungdoms- og vidaregåande skular i Bjørnafjorden. Berre legg til Helsepling på Snapchat.

Støttekontakttenesta

Som ei følgje av dei nye tiltaka som er sett inn for å hindra smittespreiing, ser kommunen seg nøydd til å stoppa alle støttekontaktoppdrag med verknad i frå i dag, 16. mars. Dersom brukar kan ha nytte/glede av å gjennoføra telefonsamtale med støttekontakten, så kan timane brukast slik og førast på timeliste. Dette gjeld i frå i dag 16. mars, og fram til det kjem ny beskjed. 

Tekniske hjelpemiddel

Vi reduserer tenesta for å redusere smittespreiing. Berre heilt nødvendige hjelpemiddel blir leverte ut.
Hjelpemiddel skal ikkje leverast tilbake, men oppbevarast hos brukar så lenge tenesta er redusert.
Kartlegging og utlevering av hjelpemiddel skal avgrensast. Berre høgdt nødvendig reparasjon av hjelpemiddel blir utført. Dette blir vurdert i kvart tilfelle.
Tenesta er tilgjengeleg på tlf. 56 57 55 85

Tryggleiksjukepleiar

Tryggleiksjukepleiar gjer ikkje heimebesøk for å redusere smitterisiko. Tenesta er tilgjengeleg for spørsmål og ein prat på tlf. 900 12 091 eller på e-post.  

 

Til toppen