Klikk og hent bøker og filmar!

Klikk for stort bileteBøker og filmar er noko vi treng - spesielt i desse tider. Sjølve biblioteklokalet er stengt, men no kan du likevel låne bøker og filmar via biblioteket si eiga "klikk og hent"-ordning.

Her ser du kva du kan låne

Du kan bestille bøker og filmar vi allereie har i katalogen på hovudbiblioteket på Os-sida. Klikk her for å sjå kva for bøker og filmar du kan låne.

Slik går du fram

Send ein e-post til bibliotek@bjornafjorden.kommune.no med boktittel og namn på forfattar/namn på filmen du ønskjer å låne. Oppgi fullt namn og lånekortnummeret ditt. Du kan òg ringe oss på telefonnummer 56 57 52 70, mellom klokka 10 og 15, måndag-fredag. 

Vi pakkar bøkene/filmane i ein pose merka med ditt namn, og legge han klar til henting i vindfanget på hovudbiblioteket i Holtbrekka på avtalt tidspunkt.

Dersom du ønskjer å hente i Eikelandsosen, ber vi deg sende ein e-post med namn og telefonnummer, så vil vi ringe deg for avtale.

Det er ikkje høve til å levere inn bøker.

Dersom nokon skal hente for deg, må du du gi oss fullt namn på personen som hentar.

Hentetider hovudbiblioteket på Os, berre etter avtale:

  • Tysdag, onsdag og fredag, kl. 12-15
  • Torsdag, kl 12-17

I påskeveka:

  • Måndag kl. 12-15
  • Tysdag kl. 12-17

I Eikelandsosen kan du hente torsdag 2.4 og fredag 3.4, tid etter avtale.

Til toppen