Kulturskulen opnar for vanleg undervisning frå måndag 18. mai

Klikk for stort bileteBjørnafjorden kulturskule opnar att for vanleg undervisning frå 18. mai. Det einaste unntaket er Musikkbarnehage, som framleis er stengt på grunn av smittevern.

Det er lagt opp til vanleg undervisning og digital undervisning fram til sommarferien.
Det skal ikkje vere sambruk mellom kulturskuleaktivitet og skuleaktivitet, så det er lagt til rette for undervisning på eige rom på Fusa ungdomsskule, Os Aktiv (frå veke 23), Oseana og Strandvik grendahus. Det vil vere utandørs undervisning for nokre grupper.

Til toppen