Kurs frå Friskliv og meistring: Stressmeistring

Klikk for stort bileteStress har alltid vore og vil alltid vere ein del av dagleglivet vårt. Det er korleis vi handterer stresset som er avgjerande for om stress blir skadeleg eller ikkje. På dette kurset vil du lære kva som forårsakar stress og korleis du betre kan handtere stress i kvardagen.

Kurset består av trening og undervisning. Treninga har hovudfokus på avspenning og er yoga-inspirert.

Kven passar kurset for?

Deg som opplever at stress påverkar deg i det daglege, på grunn av ein hektisk kvardag og/eller helseutfordringar.

Mål for kurset

Målet med kurset er å gjere deg meir bevisst på dine eigne kjelder til stress. Du vil få verktøy for å kunne ta bevisste val og setje i verk tiltak for å førebygge og redusere eventuelle skadelege verknader av stress – anten det er knytt til arbeidsliv, privatliv eller helse.

Kurset er basert på stressteori, kognitiv åtferdsteori og positiv psykologi.

Pris

400 kr per deltakar for heile kurset.

Påmeldingsfrist

16. januar 2020.

Stad og oppstartdato

21. januar kl. 10:45 – 14:30 på Osbadet. Kurset går tysdagar fram til påske (utanom vinterferie).

For meir informasjon og påmelding

Send e-post eller ring 970 40 052

Arrangør: Friskliv og meistring

Til toppen