Kurs i sinnemeistring

Sinne er ei heilt normal kjensle. Men når det kjem ut av kontroll er det øydeleggande for deg sjølv og familien din. Mange tenkjer ikkje på eigne sinnereaksjonar som vald, men åtferda kan opplevast skremmande for dei rundt deg. 

Du kan få hjelp til å forstå og meistre sinnet ditt, slik at du kan få det betre med deg sjølv og dei du er glad i.

Kva er tilbodet?

Bjørnafjorden kommune tilbyr kurs i sinnemeistring etter Brøsetmodellen.

Det er vanskeleg å endre åtferd, og mange treng hjelp til denne endringa.  Kurset går ut på å undersøke og bevisstgjere deg på di eiga tolking av situasjonar, tankar og kjensler. Vi har først individuelle samtalar for saman å sjå om dette er eit tilbod som kan passe for deg. 

Sinnemeistring etter Brøsetmodellen har ein godt dokumentert effekt på endring av sinne og vald. Kurset kan bli gitt i gruppe, eller individuelt.

​Tid og stad:

Informasjon om tid og stad får du ved å ta kontakt med oss (sjå kontaktinformasjon under). Tilbodet er gratis.

Slik går du fram

Du treng ikkje tilvising for å delta. Ta kontakt med oss for meir informasjon og påmelding.

Kontaktperson:

Lina Marie Oma, telefon 957 39 925, send e-post