Kursrekke i haust: IBS – å meistre livet med irritabel tarm

Klikk for stort bileteKurset er for vaksne med diagnostisert irritabel tarmsyndrom (IBS) og går over fem gonger/veker.
Kurstilbodet er i regi av Friskliv og meistring, klinisk ernæringsfysiolog og fysioterapeut i eining for helsefremming og rehabilitering i Bjørnafjorden kommune.

Mål med kurset

Å lære å meistre symptom og utfordringar knytt til IBS, gjennom:

  • auka forståing for kva IBS er
  • auka kunnskap om korleis livsstilfaktorar som mat og kosthald, stress, pust og bevegelse påverkar symptombiletet
  • å møte andre i same situasjon
  • hjelp til sjølvhjelp -  meistring, ikkje behandling

Tid og stad

Fem torsdagar klokka 12-15, f.o.m. 15. oktober t.o.m. 12. november 2020, i  undervisningsrommet i Tunet kyrkje- og kultursenter, Os.  
Lokalet ligg i andre etasje, det er ikkje heis. OBS! Delar av kurset kan bli omgjort til digitale samlingar, avhengig av smittesituasjon (covid-19). Kursdeltaking føreset derfor at du har tilgang på PC og internett.

Pris

500 kroner for heile kursrekka.

Slik melder du deg på

Meld deg på via denne lenka

Påmeldingsfrist er 1. oktober 2020.

Viktig informasjon
Grunna smittevernomsyn er det berre plass til eit avgrensa tal på deltakarar på kurset. Det vil derfor ikkje vere mogleg å ta med seg pårørande på kurset. 

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med klinisk ernæringsfysiolog Ingvild Marienborg på e-post.

Til toppen