Kvalvik blir driftsdirektør i Statsbygg

Klikk for stort bileteKommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, Jarle Kvalvik, blir driftsdirektør i Statsbygg.

- Jarle informerte meg måndag om at han har fått tilbod om, og takka ja til, stillinga som driftsdirektør i Statsbygg. Eg er glad på Jarle og Statsbygg sine vegner, og beklager at vi ikkje fekk nytte av Jarle sin kompetanse i lengre tid, seier kommunedirektør i Bjørnafjorden, Christian Fredrik Fotland.

- Dette er ein jobb som eg har ønskt meg, og eg føler meg privilegert no når sjansen blei ein realitet. Denne jobben gir meg moglegheit til å påverke fagområdet mitt på nasjonalt nivå. Det er diverre umogleg å føresjå akkurat når jobbar blir ledige, og det er vemodig å forlate desse fantastisk gode kollegaene eg har fått i Bjørnafjorden kommune, seier Jarle Kvalvik.

Kvalvik tok til i stillinga som kommunalsjef 1. januar 2020, og vil bli verande i Bjørnafjorden kommune fram til sommaren. Bjørnafjorden kommunen vurderer vegen vidare utan Kvalvik.

Til toppen