Ladestasjonar for elbilar i Os sentrum

Det er sett opp fleire ladestasjonar for besøkande i Os sentrum. Ladestasjonane er administrert av BKK og du kan bruke Bilkraft appen for å lade elbilen din. 
Klikk for stort bileteLadestasjon BKK

Det er seks ladestasjonar ved Os Aktiv, fire ladestasjonar ved Kyrkjeflaten og tre ladestasjonar utanfor Rådhuset. For å ta i bruk ladestasjonane er det nokre enkle trinn du må gjennom.

Last ned Bilkraft appen

Du treng ein brukarkonto i Bilkraft appen for å kunne lade elbilen din. Du kan laste ned appen i Google Play eller App store. Du må registrere din brukarkonto og legge inn eit betalingskort. Slik registrerer du deg i Bilkraft appen 

Du kan starte lading med Bilkraft appen frå din mobiltelefon, eller bruke ei ladebrikke du kan ha på nøkkelknippet.

Sjå video av korleis du ladar  

Til toppen