Leikeplassar og utandørs idrettsanlegg opnar for forsiktig bruk

Klikk for stort bileteLeikeplassen ved Lyngheimtunet. Os og Fusaposten  Bjørnafjorden kommune har, i samråd med kommuneoverlege og smittevernoverlege, beslutta å følgje dei nasjonale retningslinene for organisert aktivitet ved utandørs idrettsanlegg og leikeplassar.

Dette betyr at barn nå kan leike på leikeplassar i små grupper (fem personar inkludert vaksne) og at inntil fem personar kan drive organisert trening på utandørs idrettsanlegg, under føresetnad av at alle følgjer retningslinjene og hindrar smittespreiing
Merk at leikeområda ved enkelte skular og barnehagar ikkje er opne for allmenn bruk. Ver venleg å respektere skilting i desse tilfella.

Innandørs anlegg, som idrettshallar, gymsalar og svømmehallar, er framleis stengde.

Retningslinjer for bruk av leikeplassar/nærmiljøanlegg og uteområde ved kommunale skular og barnehagar 

Klikk for stort bilete

  • Maksimalt fem personar, inkludert vaksne, i ei gruppe 
  • Hald to meters avstand til barn/personar som ikkje er i same husstand som deg
  • Vis god hand- og hostehygiene
  • Spytting er forbode!

Vi oppmodar foreldre til å vere med barna på leikeplassen, og til å desinfisere dei stadane barnet tar på før og etter leiken. Hugs grundig handvask før de går ut og når de kjem heim!

NB! Ikkje alle skular og barnehagar opnar leikeområda sine

Ved fleire av dei kommunale skulane og barnehagane vil det vere drift gjennom påska, også heilagdagane, som følgje av at kommunen gir eit omsorgstilbod til mellom andre barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar.
Leikeområda ved desse skulane og barnehagane vil ikkje vere opne for allmenn bruk.
Ver venleg å respektere skilting som seier at skuleplassen/leikeområdet er stengt.

Private skular, barnehagar og leikeplassar/nærmiljøanlegg

Private skular og barnehagar bestemmer sjølve om deira uteområde skal vere opne med dei same restriksjonane som for dei kommunale skulane og barnehagane. Det same gjeld private leikeplassar og nærmiljøanlegg.

Retningslinjer for tilrettelagt aktivitet ved idrettsanlegg

Til dømes ballspel og gruppetrening.

  • Klikk for stort bilete ​​​Deltakarane skal til ei kvar tid halde minst to meters avstand til kvarandre.
  • Ei gruppe kan bestå av maksimalt fem personar inkludert trenar.
  • Ved aktivitet for barn og unge, skal det vere ein vaksen person til stades. Den vaksne har ansvar for at aktiviteten blir gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernreglar. 
  • Garderobar, dusjar og klubbhus skal vere låste. Spelarane må skifte heime. Dei skal ikkje samlast i større grupper enn 5 personar (inkludert trenar/rettleiar før og/eller etter aktiviteten).
  • Deltakarane skal ikkje berøre same gjenstand med hendene eller annan bar hud (t.d. nikke ein fotball, flytte ei kjegle).
  • Dei generelle smittevernreglane om god hand- og hostehygiene skal overhaldast.
  • Spytting er forbode!
  • Utøv aktiviteten på ein forsiktig måte for å unngå skadar og ekstra belastning på helsevesenet.
  • Dersom det er mogleg, unngå kollektivtransport i samband med reise til og frå organisert aktivitet.

Klubbar og lag er sjølv ansvarlege for at retningslinjene blir følgde. Ved brot på retningslinjene, vil Bjørnafjorden kommune vurdere forbod av smittevernomsyn.

Retningslinjer for eigenaktivitet ved idrettsanlegg

For eigenaktivitet gjeld dei same reglane som for organisert aktivitet.

  • To meters avstand
  • Maksimalt 5 personar saman
  • Ikkje ta på same gjenstand som andre
  • God hand- og hostehygiene
  • Spytting er forbode!

 

 

Til toppen