Les Bjørnafjorden kommune sitt høyringssvar til rusreforma

Klikk for stort bileteStortinget skal snart stemme over regjeringa sitt framlegg til rusreform. Framlegget foreslår at Noreg avkriminaliserer mindre narkotikalovbrot.

Dette inneber at personer som blir tatt for bruk, kjøp eller oppbevaring av mindre mengder narkotika til eige bruk, ikkje lenger skal straffast. I staden skal dei bli innkalte til eit møte med ei kommunal rådgivingseining for narkotikasaker.

Eit utval på seks personar i Bjørnafjorden kommune har innhenta opplysningar frå alle i kommunen som kan tenkjast å ha relevante innspel i saka, og sendt eit samla høyringssvar frå kommunen.

– Det er sjølvsagt mange ulike meiningar i saka, men vi har utarbeidd eit samla høyringssvar frå kommunen, som tek opp i seg fleire ulike synspunkt, fortel ruskonsulent i Bjørnafjorden kommune, Per Gunnar Lunde.

Les høyringssvaret her

Til toppen