Lever du med irritabel tarmsyndrom (IBS)? Då vil vi gjerne høyre frå deg

Klikk for stort bilete freepik.com Avdeling for helsefremming og rehabilitering i Bjørnafjorden planlegg eit kurstilbod for innbyggarar med irritabel tarmsyndrom (IBS) hausten 2020. For å lage eit best mogleg opplegg til kurset, ønskjer vi kontakt med deg som har IBS og som kan tenke deg å hjelpe oss med å forme tilbodet.

Irritabel tarmsyndrom (irritable bowel syndrome - IBS) er eit fellesnamn for fleire plagar som har med tarm og fordøying å gjere. IBS fører til mykje frustrasjon hos dei som er ramma, men også hos behandlarar. Så mange som 8-25 % av alle nordmenn kan vere ramma av IBS. Les meir om IBS på helsenorge.no

Vi treng di hjelp for å hjelpe andre

IBS-ramma har unike og ulike problemstillingar, og det er vanskeleg å finne ei felles løysing som fungerer for alle.For å gjere kurset så godt og relevant som mogleg, ønskjer vi idear og innspel frå deg som har IBS. Du kan hjelpe oss å forstå meir, slik at kursdeltakarane våre opplever å bli forstått, tatt på alvor og opplever utbytte/auka meistring.

Kva opplever du er den største utfordringa med IBS? Kva treng du for å ha eit betre liv med IBS? Har du erfaringar med tiltak som har hjelpt deg? Kva treng du å lære mer om? 

Kurset vil bli leia av klinisk ernæringsfysiolog Ingvild Marienborg, leiar for Friskliv og meistring Karen Hope Nilsen og andre fagpersonar.

Målet med kurset er å lære å meistre symptom og utfordringar knytt til IBS, gjennom:

  • Auka forståing for kva IBS er: årsakssamanheng og ulike faktorar som påverkar symptoma
  • «Rydde opp i» misforståingar og feiloppfatningar
  • Hjelp til sjølvhjelp – meistring, ikkje behandling
  • Auka kunnskap om fysiologiske mekanismar, maten og kosthaldet si betyding for symptoma, stressmeistring m.m.

Kurset er for vaksne med IBS.

Kan du hjelpe oss?

Ta gjerne kontakt på e-post: inma@bjornafjorden.kommune.no eller kahn@bjornafjorden.kommune.no

Til toppen