Lyseparken - kva no?

Klikk for stort bileteLyseparken har hatt ei lang og mangslungen reise i løpet av dei 30 åra ein næringspark i Endelausmarka har stått på blokka i Os, no Bjørnafjorden, kommune. 
Det har vore mange idear, utgreiinger, endringar, motsegner og skjær i sjøen. Administrasjon og politikarar har jobba hardt og målretta overfor regionale og nasjonale mynde for å realisere ideen.
No skal endeleg den ferdige områdeplanen for Lyseparken opp i kommunestyret før sommarferien 2020. Kva skjer så? 

Først når områdeplanen er godkjent, startar arbeidet med å fylle Lyseparken med aktivitet. Og for å fylle Lyseparken med aktivitet, må han framstå som meir attraktiv for bedrifter som ønskjer å etablere seg i bergensregionen.

Kor går vegen vidare?

Kva inneber det? Korleis skal arbeidet vere organisert, slik at vi sikrar arbeidsplassar og inntekter i kommunen i mange år framover, og samstundes vere eit viktig bidrag og førebilete i den grøne omstillinga samfunnet står framfor?

Kor involvert skal kommunen vere på eigarsida? Kva alternativ finst? Korleis vil dei ulike alternativa påverke konseptet og kommuneøkonomien? Korleis ser risikobileta ut?

Strategisamling 

Tysdag 19. mai er formannskapet og gruppeleiarane i Bjørnafjorden samla i Oseana for å vurdere vidare vegval for Lyseparken. 

Ikkje heilt oppdatert på Lyseparken? Les dette bakgrunnsnotatet.

Sjå alle saksdokumenta frå strategisamlinga.

Til toppen