Markering av 8. mai 2020 i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Simen Soltvedt Markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai 2020 må diverre gå føre seg utan publikum til stades av smittevernomsyn, men du kan følgje programmet frå Minneparken på Osøyro direkte klokka 11. Du kan òg sjå sendinga i opptak seinare.

Sjå sendinga frå 8. mai-markeringa i Minneparken

Program for 8. mai 2020

  • Opning ved ordførar Trine Lindborg klokka 11.
  • Vi syng Fedrelandssalmen. Kvintett frå Os musikkforening og Os skulekorps spelar.
  • Isabell Renee Aase syng Til ungdommen. Akkompagnert av Knut Vidar Garlid.
  • Tale ved Olav Kvinge.
  • Kransenedlegging ved krigsminnesmerket i Minneparken.
  • Kransenedlegging på kyrkjegarden til Os kyrkje ved 1. Os KFUK-KFUM-speidarar.
  • Signalet Bøn.
  • Avslutning ved ordførar Trine Lindborg.
  • Vi syng Ja, vi elsker. Kvintett frå Os musikkforening og Os skulekorps spelar (Vibeke Nordtveit, Ragnhild Kristine Midtbø, Paul Johan Valle, Kjersti Aak Garlid og Ruth Elin Midtbø).
Til toppen