Meteorologisk institutt varslar om ekstremt høg vasstand som følgje av ekstremvêret Elsa

Klikk for stort bilete Meteorologisk institutt Meteorologisk institutt (Met) varslar om ekstremt høg vasstand (raudt nivå) i Vestland fylke, måndag 10. og tysdag 11. februar

 

Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten og lågt trykk. 

Vasstanden vil vere på det høgaste natt til tysdag mellom klokka 23 og 03. Meteorologisk institutt ventar at vasstanden blir høgare enn under ekstremvêret Didrik i januar.

Dette kan føre til flaum mange stader, og fare for større skade på infrastruktur og bygg i strandsona.

Kva bør du gjere?

Unngå ferdsel i strandsona. Vurder å ta båten opp på land, og sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

Les meir om varselet på varsom.no

Til toppen