Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Møte i kommunestyret og plan- og bygningsutvalet er utsett

Klikk for stort bileteOrdførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) Midtsiden Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) melder at ein tverrpolitisk har beslutta å utsetje kommunestyremøtet 31. mars til 12.mai, og møtet i plan- og bygningsutvalet frå 2. april til 16. april

- Vi er glade for at eit samla politisk miljø var einige om dette tysdag kveld. Det er viktig for oss at vi no let administrasjonen få jobba med å finna gode, trygge digitale løysingar på møtegjennomføring inkludert votering,- og at kommuneleiing og tilsette får bruka alle kreftene sine på å handtera den krevjande situasjonen vi no står i.
Kommunestyret har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i kommunen. No er det viktig at alle dreg i same retning for Bjørnafjorden kommune sine tilsette og for alle innbyggjarane, seier Lindborg og Leigland.

Til toppen