Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

No kan du søke eller re-registrere deg i Bjørnafjorden kulturskule

Klikk for stort bileteAkkurat no er det ikkje undervisning i kulturskulen. Men det skal det heldivgvis bli igjen! Vil du søke plass i Bjørnafjorden kulturskule for skuleåret 2020-21, eller behalde plassen du alt har? 
Då må du re-registrere deg eller sende søknad før 1. mai. 

Kulturskulen har no opna for re-registrering og påmelding til neste skuleår. Alle som har vore på venteliste eller har hatt plass i kulturskulen dette skuleåret skal ha fått informasjon om dette på e-post. Har du ikkje mottatt denne informasjonen? E-posten kan ha hamna i søppelposten. Viss han ikkje ligg der heller, kan du ta kontakt med kulturskulen.

Dei som har vore registrerte søkarar eller elevar i kulturskulen tidlegare - sjølv om det er nokre år sidan - må bruke denne lenka. Har du aldri vore elev i Bjørnafjorden kulturskule? Då bruker du søknadsskjemaet du finn her.

Frist for å re-registrere og søke Bjørnafjorden kulturskule for skuleåret 2020-21 er 1. mai.
Dersom nokon har problem med å søke, send ein e-post til Turid Moberg Kirkbride  eller Christian Breistein, eller ring 56575248 / 97777341. 
 

Til toppen