Omsorgstrappo i Bjørnafjorden: Korleis ser du for deg kvardagen din når du blir eldre?

Klikk for stort bilete Varde Film AS Er du anten frisk og rask eller bur du på sjukeheimen? Eller noko midt i mellom? Det er eit langt steg mellom å greie seg heilt på eiga hand og å ha langtidsplass på sjukeheimen. Ei heil trapp av tilbod og tenester, faktisk. 

Les meir om Omsorgstrappo i Bjørnafjorden

Sjå filmen med fantastiske Gjertrud Håvik (96) som bur og trivst heime i Strandvik, trass i høg alder og nokre helseutfordringar. Filmen er produsert av Varde Film AS.

Filmen med Gjertrud Håvik er ein del av kampanjen "Omsorgstrappo i Bjørnafjorden". Målet med kampanjen er å vise at det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at ein kan bu heime og ha ein meiningsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar. Med rett og smart tilrettelegging av heimen - førebygging og tidleg innsats - kan veldig mange halde fram å leve eit sjølvstendig liv.
Vi ønskjer å vise kva vi jobbar etter i helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden, og korleis vi riggar oss for ei berekraftig eldreomsorg.

Til toppen