Oppdatert: Smittesporing: Var du i Osbadet måndag kveld?

Klikk for stort bileteI samband med smittesporing, oppmodar vi personar som har vore i Osbadet måndag 7. september mellom klokka 18 og 21 om å følgje ekstra godt med på symptom på koronasmitte.

NB: Vi melde tidlegare at det aktuelle tidspunktet var tysdag 8. september, men dette var feil.

Smittesporinga skjer som følgje av smittetilfellet vi melde om tidlegare, fredag 11. september.

Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, skal du teste deg for korona. Slik bestiller du koronatest.

- Dette er ei påminning til oss alle om kor viktig det er å halde nødvendig avstand når vi er ute blant folk. Bli heime om du er sjuk og test deg dersom du får symptom på at du kan vere smitta, seier ordførar Trine Lindborg.

Til toppen